Søndre Gudbrandsdalens fogderi
Søndre Gudbrandsdalen fogderi (Sør-Gudbrandsdal futedøme) vart oppretta ved kgl.res. 3. mars 1860. Det bestod av bygdene Sør-Fron (som frå fyrst av ei stund låg til Nordre Gudbrandsdalens fogderi), Ringebu, Øyer, Fåberg og Gausdal (Østre og Vestre).
Futen hadde tilhald på Lillehammer.
Futedømmet vart nedlagt frå 20. oktober 1909, saman med dei andre futeembeta i Kristians amt (Oppland), i medhald av kgl.res. 25. juni og 28. september 1909.
Kjelder
- Innleiing i katalogen for futedømma i Gudbrandsdalen ved Inger-Karin Martinsen 1996. Statsarkivet i Hamar.