Bauta over Olav den heilage på ein gravhaug på Hundorp, avduka under eit stemne olsokaftan 29. juli 1907. Skulestyrar Rasmus Stauri, den gongen på Vik i Kvam, leia arbeidet med å få reist minnesmerket. Monumentet over kristningskongen står på skulens grunn, og har nok hatt stor symbolverdi i folkehøgskulemiljøet. Foto: Øyvind Holmstad (2011)
Gudbrandsdalens folkehøgskule var i verksemd frå 1902 til 1987. Dei fyrste åra hadde han tilhald på garden Vik i Kvam i Nord-Fron, men i 1915 vart han flytta til Hundorp i Sør-Fron. Skulen var driven i grundtvigiansk ånd, og følgde opp tradisjonen etter Christopher Bruuns verksemd i Gudbrandsdalen. Gudbrandsdalen folkehøgskule er uløyseleg knytt til familien Stauri i to generasjonar, ekteparet Rasmus og Lise Stauri og deira son Are og kone Dagny samanhengande i meir enn 70 år. Les mer …
|