Sauda kommune
Sauda kommune er ein kommune i Rogaland. Han grensar til Suldal kommune i Rogaland, og Ullensvang kommune og Etne kommune i Vestland.
Sauda | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1135 |
Fylke | Rogaland |
Kommunesenter | Sauda |
Areal | 546.31 km² |
Areal land | 509.58 km² |
Areal vann | 36.73 km² |
Folketall | 4 663 (2018) |
Grunnlagt | 1842 |
Nettside | Nettside |
Sauda kommune vart oppretta i 1842, då han vart skild ut frå Suldal kommune, og har hatt uendra grensar sidan. Dei fleste av innbyggjarane i kommunen bur i administrasjonssenteret og den gamle industristaden Sauda, som hadde 4272 innbyggjarar per 1. januar 2012.
Som nabokommunen Suldal har Sauda kommune eit kommunevåpen som symboliserar rennande vatn. Våpenet viser tre loddrette, takkete sølvfarga border mot blå bakgrunn, og viser til vasskrafta som har vore føresetnad for industrien i kommunen. Namnet kjem truleg av sauðr, som heng saman med sjóða, som tyder å «syda» eller «koka», og viser til ei elv.
Kjelder
- «Sauda» i Store Norske Leksikon.
- Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999.
- Statistisk sentralbyrå: Tettsteder. Folkemengde og areal, etter kommune. 1. januar 2012.
- Faktaark fra Kartverket finnes.
|