Suldal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Suldal
1134 Suldal komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1134
Fylke Rogaland
Kommunesenter Sand
Areal 1736.88  km²
Areal land 1592.16  km²
Areal vann 144.72  km²
Folketall 3 849 (2018)
Grunnlagt 1838
Sammenslåing(er) 1965
Fradeling(er) 1842
Nettside Nettside

Suldal kommune er ein kommune i Rogaland. Kommunen grensar til Vindafjord kommune, Tysvær kommune, Stavanger kommune og Hjelmeland kommune i Rogaland, Bykle kommune i Agder, Vinje kommune i Vestfold og Telemark, Ullensvang kommune i Vestland, Sauda kommune i Rogaland og Etne kommune i Vestland. Einaste tettstaden i kommunen ifølgje SSB er administrasjonssenteret Sand, med 1167 innbyggjarar per 1. januar 2012.

Kommunen vart oppretta etter formannskapslovene av 1837, og alt i 1842 vart Sauda frådelt. Sidan hadde kommunen uendra grenser fram til 1965, då han vart utvida med Erfjord og Sand kommunar, Imsland kommune sør for Vindafjorden og fastlandsdelen av Jelsa kommune. Kommunen fekk i 1978 dessutan dei delane av gamle Vikedal kommune som også låg sør for Vindafjorden, og sidan då fell fjorden og kommunegrensa saman.

Kommunevåpenet er tre gullfarga bordar på raud bakgrunn, og symboliserar Suldalslågen, som renn gjennom kommunen. Også nabokommunen Sauda har eit kommunevåpen som symboliserar rennande vatn. Navnet kjem anten av sule, som tyder «kløft», eller súla, som tyder «søyle» eller «stolpe», sannsynlegvis nytta om Suldalsporten ved enden av Suldalsvatnet.

Kjelder

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!