Selbjørn

Selbjørn er den nest største øya i Austevoll kommune. På austsida ligg Bekkjarviksund, der Selbjørnsbrua går over til Huftarøy. På vestsida ligg Stolmasund der Stolmabrua går over til Stolmen. Selbjørnsfjorden ligg på sørsida av øya, med Fitjar og Fitjarøyane på andre sida.

Øya Selbjørn i Austevoll.

Fram til 1964 hørte sørøstsida av Selbjørn til Fitjar kommune, medan nordsida var ein del av Austevoll.

Om

Namn

Dei lærde meiner at Selbjørn kanskje er eit tabunamn, og at det har med dyrenamnet bjørn å gjera. Når fiskarane var ute på havet, skulle dei ikkje nemna visse dyrenamn, t.d. katt. Dei sa då klodyret, eller dei nytta ei omskriving - Salens bjørn, sidan katten høyrde til i salen eller stova. Dersom Selbjørnsøya den tid heitte noko med katt, så skulle dei ikkje seia namnet, men få meininga si fram på onnor vis. Noko rett tyding kan ein truleg ikkje koma fram til her, det er mykje uvisst korleis namnet er laga.

Gamle namneformer: Salbjorn, Søldbiøninn (1567) & Sælbiørn (1723).
Uttale: Sælbjødn

Gardar

Navn Gnr
Nordre Drivenes 1
Store Drivenes 2
Fagerbakke 3
Eikholmen 4
Kalvenes 5
Veivågen 6
Noven 8
Indre Rabben 9
Ytre Rabben 10
Djupevåg 11
Tøkje 12
Salthella 13
Søre Drivenes 66(8)
Bekkjarvik 67(9)
Sætre 68(10)
Grasdal 69(11)
Gauksheim 70(12)

Tal i parantes: gardsnummer før 1964 (Fitjar).

Historie

Middelalderen

1220

1600-talet

1634
  • Kremmarverksemd i Bekkjarvik
1668
  • Kremmarsete på Salthella

1800-talet

1849
  • Økshamaren fyrstasjon i drift.
1870
1880
  • Smie i Bekkjarvik. Eigar Ivar Haldorsen
1886
  • Austevoll eigen kommune, skild ut frå Sund
1887
  • Første Selbjørn skule i bruk
1890
  • Møte om felles skulehus mellom krinsane Gauksheim og Drivenes. Dei vart enig om å gløyma tanken pga den "lange og besværlige vei at gaa for smaa börn".
1898
  • Bekkjarvik kyrkje stod ferdig
1899
  • 1. januar: Rabben postopneri oppretta.

1900-talet

1901
  • Gauksheim skule vart bygd for krinsane Vikestøl, Sætre, Båtevik, Grasdal og Gauksheim.
1905
1910
1912
  • Selbjørn Fiskeriforening stifta
1913
  • Første Drivenes skule i bruk
1916
  • 1. september 1916: Salthella brevhus og postopneri oppretta. Postopneri frå 1. oktober 1919
1936
  • Drivenes, Gauksheim og Trolandshamar skulekrinsar vedtok språkskifte frå bokmål til nynorsk
1939
  • Hevrøy, Horgo, Selbjørn, Storekalsøy og Sandtorv skulekrinsar vedtok språkskifte frå bokmål til nynorsk
1940-1945
  • Motstansgruppa Eksport- og importgruppe Milorg Bergen og omland heldt til i Tuftevika på Selbjørn. Organisert frå Bergen. Stod for transport av personar til Shetland, våpen og anna krigsmateriell tilbake.
1942
  • 2. klasse kystskipperskule på Selbjørn
1950-åra
  • Kontor på Salthella for innmelding av vårsild
  • Sildemottak i Bekkjarvik og Åsakummen på Rabben
1950
  • Austevoll fekk distriktslege med bustad på Selbjørn. Emil Moe den første.
1955-1957
  • 2. klasse kystskipperskule på Stolmen
1955
  • 8. mars: bedehus på Selbjørn
1959
  • Gauksheim skule vart nedlagt.
1967
  • Rabben postopneri nedlagt
1960
  • J. Tøkje Landhandel oppretta
1962
  • Rabben mekaniske verkstad etablert
1963
  • M/S Drivenes første snurpar i Austevoll utstyrt med kraftblokk og ringnot
1964
  • 1. januar: Søre Selbjørn (Gnr. 66-70) og Søre Huftarøy (Gnr. 59-65) under Austevoll. Tilhøyrde tidlegare Fitjar
1965
  • Austevoll notverkstad i drift i Bekkjarvik
1969
  • Salthella brevhus og postopneri nedlagt
1972
  • Ferjesambandet Bekkjarvik-Sandvikvåg oppretta
1973
  • Austevoll Notverkstad bygd på Salthella
1975
  • Ferjeruta Stolmen-Salthella oppretta
1980
  • 11 februar: Selbjørnsbrua vart opna og Selbjørn vart knytt saman med Huftarøy.
1987
  • Ferjesambandet Bekkjarvik-Sandvikvåg overført til Husavik-Sandvikvåg
  • Selbjørn fiskerisogelag stifta
1998
  • Stolmabrua opna

Kjelder

  • Tufteland, Johan (red.): Austevoll gard og ætt I. Møkster sokn. Austevoll sokn. Utgjevar: Austevoll herad. 1978.
  • Tufteland, Johan (red.): Austevoll gard og ætt III. Tidlegare Bekkjarvik Kapellsokn. Austevoll sogenemnd. Utgjevar: Austevoll kommune. 1991.

Koordinater: 59.9920786° N 5.1588766° Ø