Siljuåsvegen

Siljuåsvegen på Holtsås i Midt-Telemark kommune går nordover frå Seterdalsvegen, følgjer jernbanen på austsida, kryssar under denne ved Lykkja og endar i Sauheradvegen. Han er om lag 1,9 kilometer lang og går gjennom skog med noko jordbrukslandskap i enden.

Siljuåsvegen sett austover.
Foto: Roy Olsen (2019).

Vegen blei namnsett i 2009 og har namn etter den 430 meter høge Siljuåsen som ligg aust for vegen.

Kjelder


Koordinater: 59.45330° N 9.34006° Ø