Skjold kommune
Skjold kommune i Rogaland vart oppretta i 1837, i samband med innføringa av det kommunale sjølvstyret. Kommunen omfatta då landet kring Førlandsfjorden, Skjoldafjorden/Grindafjorden og Yrkjefjorden. I 1849 vart soknet Tysvær skild ut som eigen kommune, og i 1891 hende det same med Vats. Det som var att av Skjold (172 km2), vart i 1965 overført til kommunane Sveio, Tysvær og Vindajord.
Den kommunale verksemda
På 1950-talet hadde heradet 10 skulekrinsar. Av di nynorsk var offentleg tenestemål i Skjold, var nynorsk hovudmålet i alle krinsane.
Kjelder og litteratur
- «Skjold – tidligere kommune» i Store norske leksikon
- «Skjold», i Norsk Allkunnebok: IX bandet, Oslo 1959.