Skotholmevegen 40 (Fedje gnr 170 bnr 39)
Skotholmevegen 40 er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.
| Skotholmevegen 40 | |
|---|---|
| Nordre Moldøyna i 2021. Framme ligg bnr 16 til venstre og bnr 57 til høgre. Bak frå venstre bnr 6 (litt gøymd), bnr 38, bnr 54, løa til bnr 6, bnr 39 og bnr 47. Gulen i bakgrunnen. Foto: Karsten Madsen
| |
| Sokn: | Fedje sokn |
| Fylke: | Vestland fylke |
| Kommune: | Fedje kommune |
| Gnr.: | 170 |
| Bnr: | 39 |
| Adresse: | Skotholmevegen 40 |
1. Dag Stokholm f. 1955 (gnr 170 bnr 1-18e), stuert, ferjerestauratør, g. 1976 m. Solveig Halvorsen, Åsane i Bergen f. 1958 (jf Sundb. II s 234 og Åsaneb. IV s 508). Ho er søster til Randi Hatlem, Husa gnr 168 bnr 229. Skøyte 1981 på tomt frådelt gnr 170 bnr 6 same året. Dei bygde hus her. Dei flytta til Haugesund i 2022.
Born: a. Ken Roger Stokholm f. 1976, bustad Mulen (gnr 169 bnr 14-4). b. Kristoffer Stokholm f. 1982, neste eigar (2). c. Rakel Stokholm f. 1988 samb.m. Kristian Kinden f. 1980 Sandviken i Bergen, bustad Laksevåg i Bergen.
2. Kristoffer Stokholm f. 1982 på dette bruket (1b) samb.m. Hege Mjaatvedt Bjørge f. 1984 Bergen, sivilingeniør, busette der. Dei fekk skøyte i 2022 på bnr 39, som vert brukt som fritidsbustad.
Born: a. Ingeborg Ceselie Krüger f. 2002 (mor Mia Krüger f. 1979, sjå Husøyna gnr 168 bnr 343-3). b. Sebastian Stokholm f. 2011. c. Benjamin Stokholm f. 2015.
| Skotholmevegen 40 (Fedje gnr 170 bnr 39) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Skotholmevegen 39 (Fedje gnr 170 bnr 38) • Neste bolk: Skotholmevegen 24 (Fedje gnr 170 bnr 46) |