Solbakken (Fedje gnr 168 bnr 112)
Solbakken er ein bustadeigedom i Fedje kommune.
Solbakken | |
---|---|
Hus på Kopper i 2021, bnr 189 til venstre og bnr 112 til høgre, bak det ligg bnr 160. Foto: Karsten Madsen
| |
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 168 |
Bnr: | 112 |
Adresse: | Stormarkvegen 32 |
1. Harald Koppen f. 1926 (gnr 168 bnr 1-26h) d. 2010, skipsrørleggjarformann, g. 1947 m. Alfhild Hansen f. 1925 Horten (jf Grenda gnr 168 bnr 17-16ad) d. 2016 fekk skøyte på tomt frådelt gnr 168 bnr 1 i 1949, og sette opp hus her i 1946. Dei selde huset i 1955, og flytta til Horten.
Born: a. Asbjørn Alf Koppen f. 1948 d. 1977, skipsrørleggjar, bustad Horten. b. Gunn-May Koppen f. 1965, sjukepleiar, g. 1993 m. Roy Padgett f. 1960, mekanisk ingeniør, bustad Horten, seinare Hafrsfjord, Stavanger.
2. Håkon Sjøvold f. 1923 Stuberg (gnr 168 bnr 43-1a) d. 2003 g. 1946 m. Anny Nilsen f. 1923 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 1-8d) d. 2021. Skøyte her i 1955. Dei budde tidlegare på bakeriloftet, Steinborg. Huset vart påbygd med ein etasje i 1968. Håkon var fiskar, pendla seinare til Bergen, fiskeindustriarb. og jernbindar. Anny var reinhaldar på skulen i 17 år.
Born: a. Karl (Kalle) Amund Sjøvold f. 1946, stuert, g. 1974 m. Kirsten Jorunn Oen f. 1953 Øygarden, kontormedarbeidar, busette der. b. Agnar Inge Sjøvold f. 1950, sjå 3 nedanfor. c. Inger Iren Sjøvold f. 1958, forpleiningsass., samb.m. Helge Konrad Dybvik f. 1960 Kristiansand, borearb., busette der. Hennar dotter Carina Sjøvold f. 1982 budde ei tid her hjå morforeldra i tidleg skulealder, g. 2009 m. Jon Ruben Halvorsen f. 1980 Kristiansand, busette der. d. Nina Sjøvold f. 1966 samb.m. Roald Gullaksen f. 1964 Kopper (gnr 168 bnr 194-1c), bustad Kopper gnr 168 bnr 58-2.
3. Agnar Sjøvold f. 1950 på dette bruket (2b), skipselektrikar, g. 1972 m. Anna Dalland f. 1954 Tysnes, busette der (jf Tysnesb. III s 234). Ekteskapet oppløyst. Han budde ei tid på Fedje, seinare i Bergen.
Born: a. Roger Dalland Sjøvold f. 1972 d. 2021, bustad Tysnes, seinare Stord og så Rosendal i Kvinnherad. b. Camilla Sjøvold f. 1976, sjukepleiar, var samb.m. Jonas Enar Gustavsson f. 1982, busette Tysnes, g. 2021 m. Stanley Westh f. 1984 Frederiksberg i Danmark, musikar, bustad Tysnes. c. Anne May Sjøvold f. 1979 g. 2015 m. Thor Øyvind Syvertsen f. 1978 Bergen, grafikar, busette der.
4. Petter Svenning f. 2001, tømrar, flytta til Fedje frå Tønsberg i 2022, og fekk skøyte i 2023.
Solbakken (Fedje gnr 168 bnr 112) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Bakketufta (Fedje gnr 168 bnr 108) • Neste bolk: Haugen (Fedje gnr 168 bnr 116) |