Solbring

Solbring var ein husmannsplass under Mårheimsrud i Atrå sokn i Tinn kommune.

I Tinn soga (s. 322) skriv Halvor H. Einung at «Namnet høver godt for plassen ligg beint mot middagssoli og er med dei stader der det fyrst vert grønt om våren».

Einung meiner at Solbring var mellom dei fire plassane som låg under Mårheimsrud i folketeljinga i 1801. Av di husmannsstovene ikkje er nemnde med namn i denne teljinga, er dette noko usikkert, men i kyrkjeboka for Tinn dukkar det opp ein Ola Olsson (Ole Olsen) Solbring i 1815. Han hadde vore husmann, og vart gravlagd 5. desember dette året ved Atrå kyrkje. Einung skriv at Ola Olsson Solbring må ha vore smed, for i skiftet etter han var det smedreidskap for 50 riksdalar.

Nokre år seinare kom Gunnulv Olsson og Gunhild Halvorsdotter (fødd Bakhus) til Solbring. Dottera deira, Ågot (fødd 1823), vart i 1846 gift med Ola Torgeirsson Gaustadhagen. Ågot og Ola overtok plassen, men i 1861 reiste dei til Amerika i hop med sønene Ola og Torgeir.

Ny husmann i Solbring vart heddølen Ola Olsson, som saman med kona Margit Taraldsdotter f. Knipetak budde på plassen «all sin dag». Dei skal ha vore foreldra til Ola Tosand, men då han flutte til Tosand, slo vegvaktar Tarald Ketilsen Ruvland (f. 1855) seg seg i Solbring. Etter bygdebokforfattar Einung var «Tarald ein vyrd og samvitsfull arbeidsmann. Han stelte godt med plassen, planta m.a. mange epletre som han stelte godt med» (s. 323). Han var gift med Anne T. Solbring (f. 1849), og i valmanntalet for Tinn frå 1925 sto dei framleis registrerte som bebuarer i Solbring.

Kjelder