Steinsrudvegen (Sauherad)
Steinsrudvegen i Sauherad i Midt-Telemark kommune går nordover frå Åsåresvegen til garden Kasin (gnr. 180/18), er 800 meter lang og går i jordbrukslandskap.
Steinsrudvegen sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2018).
Vegen har namn etter garden Steinsrud og blei namnsett i 2009. Busetnaden består av to gardsbruk og nokre einebustader.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart