Svanhild Aaberg
Svanhild Aaberg (fødd 24. mars 1902 i Kvam i Hordaland, død 2. juli 1991) var lærarinne.
Ho var dotter av Anna Hansdotter og lærar og kyrkjesongar Hans Aaberg. Frå 1907 budde familien på Herdla i noverande Askøy kommune. Svanhild tok eksamen ved Stord lærarskule i 1924 og vart året etter tilsett ved Blomvåg og Alvheim skule i Øygarden.
Ho var gift med lærar og skuleinspektør Bernhard Johan Reknes (1902-1960), og nytta namnet Svanhild Reknes.
Broren Johs. Aaberg arbeidde òg som skulelærar.
Kjelder og litteratur
- Svanhild Aaberg i folketelling 1910 for Herdla herred fra Digitalarkivet.
- Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Bergens tidende 1960.03.01 (dødsannonse, ektemannen Bernhard J. Reknes) Digital versjon på Nettbiblioteket.