Sverre Høgset

Sverre Høgset (fødd 11. november 1907 i Beiarn, død 7. oktober 1989 i Bodø) var frå 1935 fotograf og gardbrukar i Misvær og frå kring 1958 pressefotograf i Bodø.

Slekt og familie

I folketellinga 1910 står han oppført som Sverre Albertsen, son av gardbrukar Kristian Hagerup Johansen (f. 1876) og Ragna Kristiansen på garden Høgset.[1] Dette må vere pleieforeldre, for ved dåpen er foreldra oppgjevne å vere ungkar Albert Olai Edvardsen (f. 1886) og pige Ingeborg Kristine Storjord (f. 1885).[2] Ifølge bygdeboka for Skjerstad vart han adoptert av Kristen Hagerup Johansen.

Den 2. januar 1943 vart han gift med Magda Helene Kristiansen (1903–1958) frå Gildeskål.[3] Ho hadde to born frå før, Arild Karl Helmer Borge (f. 1923) og Oddmund Andreas Simonsen (f. 1932). Saman fekk dei dottera Ragnhild Kristine Høgset (f. 1944).

I 1964 vart han trulova med Kitty Andersen frå Soløyvik.[4] Da han døde i 1989 brukte Kitty Andersen formuleringa «min gode venn» i dødsannonsen, så det er uklart om de noen gang gifta seg.[5]

Liv og virke

Han fekk i 1933 eit stipend på 400 kroner til fotografutdanning på Trondheims fagskole.[6] Han leverte seinere mange bilete til Nordlandsposten, og opna fotoforretning i Misvær.

Høgset var aktiv i Ungdomslaget Heimen, der han bland anna var dirigent for koret, og i Salten Ungdomslag. Han var ein ihuga målmann.

Etter at han vart enkemann i 1958 flytta han til Bodø.

Han vart gravlagt frå krypta i Bodø domkirke den 13. oktober 1989.[7]

Referanser

  1. Sverre Albertsen i folketelling 1910 for Skjerstad herred fra Digitalarkivet.
  2. SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Nordland, 846/L0647: Ministerialbok nr. 846A05, 1902-1915, s. 31 i Digitalarkivet.
  3. «Ekteskap» i Nordlandsposten 1942-12-29. Digital versjonNettbiblioteket.
  4. «Forlovelse» i Nordlands Framtid 1964-09-18. Digital versjonNettbiblioteket.
  5. Dødsannonse i Nordlandsposten 1989-10-10. Digital versjonNettbiblioteket.
  6. «10 000 kr. til Nordland fylke i stipendier» i Nordlands Framtid 1933-05-15. Digital versjonNettbiblioteket.
  7. «Gravferd» i Nordlands Framtid 1989-10-20. Digital versjonNettbiblioteket.

Kilder


  Sverre Høgset er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!