Sverre Thune
Sverre Thune (fødd 1932) vaks opp på Midtre Tune i Vang i Valdres, og overtok garden i 1974. Han drog av garde til Eidsvoll landsgymnas i 1948. Frå 1952-53 var han garsdgut heime på garden før turen gjekk vidare til jusstudier i Oslo. Frå 1970 dreiv han advokatkontor på Hønefoss, men advokatkontoret er no (2010) flytt heim til Haugsbygd på Ringerike, der han og kona bor.
Ideen til boka Fjellpistra fekk Sverre da han ein sumar skreiv ned barndomsminne for barnebarna. Mykje av stoffet er sentrert rundt gardsdrifta på ein gamal gard. I boka kan vi mellom anna lese om eplesetjing, kyrslepp, hesteleiting, skulegang, om grenda og folket.
Vidare lesing
- Avisa Valdres, 23. november 2010.
Bibliografi
- Fjellpistra - barndomsminner frå Vang, 2010.
Sverre Thune er basert på en artikkel fra Forfatternett Oppland, en nettside som drives av Oppland fylkesbibliotek. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |