Tønsberg Landhandel

Tønsberg Landhandel vart starta rundt 1890 av Ø. M. Roaldkvam frå Suldal i Rogaland. Forretninga låg i krysset Dalen-Skafså-Åmot. Seinare vart forretninga overdratt til Rikard Svalastoga. Frå 1906 heitte forretninga A/S Svalastoga & Co. I 1818 tok Olav Jore over forretninga, og dreiv den som assortert landhandel i alle fall fram til 1949.

Landhandelen "Tønsberg" vart drivi av Olav Jore frå 1918.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Olav Jore hadde tidlegare vore handelsstyrar ved Håtveit Handelslag. Sjølv om det var far til Olav, Såvi Jore, som hadde forkaupsrett til Tønsberg Landhandel, var det Olav som fekk overta 1. januar 1818.

Landhandelen hadde bakeri, slakteri, pølsefabrikk, røykeri og kjølelager. Forretninga hadde dessutan lager av sprengstoff for Grubernes Sprengstoffabrikker A/S. Omsetninga til forretninga låg på om lag 110 000 kr. i året kring 1950. Varene som vart omsatt mest var kolonial, kjøtt- og pølsevarer, manufaktur, isenkram og steintøy. Av brød- og kjøttvarer vart mykje selt engros. Forrentinga leverte varer til hotell og kafear både innan- og utanbygds.[1]

Kring 1950 sysselsette landhandelen eigaren samt ein betjent, med litt hjelp i slakteriet i blandt.

Olav Johre overlet forretninga til systersonen Gunnar Vistad ei gong etter 1950.[2]

Kjelder

  • Grimdalen, Olav, Mo Bygdebok: kultursoga, b.1, Dalen, 1996. Digital utgåvebokhylla.
  • Sætherskar, Johs, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Digital utgåve på bokhylla.

Referansar

  1. Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949, 850.
  2. Olav Grimdalen, Mo Bygdebok: kultursoga, b.1, Dalen, 1996, 493.