Tinghuskomplekset (Leikanger)
Tinghuskomplekset i Leikanger, rett ved Leikanger kyrkje, er ei arkitektonisk spennande klynge med offentlege kontorbygg: Tinghus I (1938), Tinghus II (1956) og Tinghus III (1966). Tinghus I husar i dag Leikanger kommune og fungerer som rådhus. Dei to yngste står tomme[1], men fram til 2005 husa dei Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Aust for tinghusa står den gamle sorenskrivargarden. Dette bygget var i ein periode brukt som barnehage. Rett bak denne står eit imponerande eiketre, Skrivareiki. Til høgre for eika ligg eit kontorbygg frå 1990, der Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) held til.
Les meir
- Hermund Kleppa (2005) Tinghus I på Leikanger - nytt i 1939 Kulturhistorisk Leksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Tinghusa i Leikanger, NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
- Hermund Kleppa (2008/2013) Fylkesmannen i Sogn og Fjordane - historikk, Kulturhistorisk Leksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Notar
- ↑ Tinghus II husar i ein kort periode (2014) delar av Statens Vegvesen medan deira bygg på Hermansverk vert utvida og forbetra.