Torvastad kommune
Torvastad kommune i Rogaland vart oppretta i samband med innføringa av det kommunale sjølvstyret i 1837. Kommunen omfatta den nordre delen av Karmøy, heile det noverande Haugesund samt Utsira. Haugesund vart utskilt som eigen bykommune i 1854, og i høvesvis 1881 og 1924 vart Skåre og Utsira eigne heradskommunar.
I 1965 vart mesteparten av Torvastad ein del av storkommunen Karmøy, men Vibrandsøy vart overført til Haugesund. Også Avaldsnes, Kopervik, Skudenes, Skudeneshavn og Åkra vart innlemma i Karmøy kommune.
Kjelder og litteratur
- Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999.
- «Torvastad – tidligere kommune» i Store norske leksikon