Utsira kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsira
1151 Utsira komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1151
Fylke Rogaland
Kommunesenter Utsira
Areal 6.32  km²
Areal land 6.29  km²
Areal vann 0.03  km²
Folketall 208 (2018)
Grunnlagt 1924
Nettside Nettside

Utsira kommune er ein kommune i Rogaland, om lag 18 kilometer ute i havet vest for Karmøy. Kommunen består hovudsakeleg av øya Utsira samt nokre mindre skjer, og har ingen grenser over land, men har sjøgrense mot Karmøy kommune. Kommunen vart oppretta i 1924, da han vart skilt ut frå Torvastad kommune.

Med sine 210 innbyggjarar er Utsira kommune minst i landet etter folketal, og med sine 6,3 kvadratkilometer er kommunen nest minst i landet etter areal, berre slått av den noko meir tettbefolka Kvitsøy kommune. Utsira kommune har ingen tettstader.

Første ledd av navnet «Utsira» viser til at øya ligg langt til havs, mens sisteleddet «-sira» ikkje er sikkert forklart. Ifølgje Store Norske Leksikon kan det koma anten av verbet sjå eller av sær («sjø»). Kommunevåpenet har fire sølvfarga trekantar som dannar eit kors mot blå bakgrunn, og førestiller lys frå eit fyrtårn. Utsira fyr vart oppretta i 1844, og vart freda 1999.

Utsira fyrstasjon ligger på Utsira.

Kilder

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!