Trefningane den 8. og 9. april 1537
Trefningane den 8. og 9. april 1537 var dei siste trefningane mellom den flyktande erkebiskopen av Nidaros. Olav Engelbrektsson, og den danske militærmakta ved Norskekysten. Det er uklart om denne trefninga fann stad i Hammarsunda på Tustna eller i Sveggesundet på Averøya. Den aller siste trefninga fann stad ute i Nordsjøen dagen etter, den 10. april. Olav Engelbrektsson la ut frå Steinvikholmen med dei tre nederlandske skipa med leigesoldatar den 1. april, og dei segla ut Trondheimsfjorden og plyndra Austrått. Dei segla så utover Trondheimsleia. Ved trefninga omkom Herman buskut den 8. april, og Hubert skipmand omkom den 9. april. Skipa segla så utover Nordsjøen, der det kom til trefningar att den 12. og 17. april.