Vaksvika
Vaksvika er ei bygd i Ørskog i Ålesund kommune. Bygda ligg ved Storfjorden og Riksveg 650, som går langs Storfjorden. Frå bygda er det òg veg mot nord, over Kjersemfjellet, til Tresfjord i Vestnes kommune. Denne fjellovergangen er ein smal grusveg og vinterstengt. Fordi han er avmerka på kartet, har det nokre gonger hendt at større køyretøy som nyttar GPS, køyrer seg fast oppe på fjellet.