Vikebygd kommune

Vikebygd kommune i Hordaland vart i 1902 utskild frå Sveio kommune.

I 1964 vart kommunen delt i to. Austre Vikebygd sokn vart innlemma i Ølen kommune, medan Vestre Vikebygd sokn vart slått saman med Sveio, Valestrand kommune og eit mindre område frå Skjold kommune i Rogaland til storkommunen Sveio. Vikebygd var då på 102 km² og hadde 1049 innbyggjarar.

Den delen som gjekk til Ølen vart i 2002 innlemma i Vindafjord kommune i Rogaland.

Litteratur