Volda prestegjeld
Volda prestegjeld vart oppretta i seinmellomalderen, og vart nedlagd då Den norske kyrkja avskaffa prestegjelda i 2000-åra. Det dekka opphavelig dagens kommunar Volda, Ørsta (med Hjørundfjord) og Vanylven. Sistnemnde vart utskilt som Vanylven prestegjeld i 1740. I 1900 vart Ørsta sokn utskild som Ørsta prestegjeld.
Hovudsoknet i prestegjeldet var Volda sokn, med Volda kyrkje som hovudkyrkje. Austefjord sokn med Austefjord kyrkje vart oppretta i 1880 og Dalsfjord sokn med Dalsfjord kyrkje i 1910. Kilsfjord sokn med Kilsfjord kyrkje var det siste som vart oppretta; kyrkja stod ferdig i 1974.
Litteratur
- Prestegjeld og sokn i Møre og Romsdal på Digitalarkivet.