Ytri (Jostedalen)
Ytri (Luster, gnr. 197) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden ligg i Krekagrendi på austsida av Jostedøla og grensar i sør mot Vamberg og i nord mot Kjervik.
Ytri | |
---|---|
Alt. namn: | Yttri |
Stad: | Jostedalen |
Sokn: | Jostedalen |
Fylke: | Vestland |
Kommune: | Luster |
Gnr.: | 197 |
Ytri og grannegarden Kjervik i nord var opphavleg ein gard. Mot slutten av 1630-åra vart så Ytri (Ytre Kjervik/Kreken) utskild som eige bruk. Gardane vart likevel matrikulerte i lag fram til 1838-matrikkelen då dei fekk kvar sine matrikkelnummer. Gjennom mange år på 1600- og 1700-talet var det rot med skyldtala på dei to gardane.
Bruk
Etter utskiljinga frå Kjervik var den vidare bruksdelinga på Ytri slik:
- Bnr. 1 Ytri - det opphavlege bruket
- Bnr. 2 Nybø - fråskild bnr. 1 ved delingsforretning 15.7.1915
- Bnr. 4 Nyheim - fråskild bnr. 1 ved delingsforretning 16.6.1938
Husmannsplassar
Det har vore fire husmannsplassar under Ytri, alle under bnr. 1:
- Høgsetet - rydda kring 1819, nedlagd kring 1850
- Ytrishaugen - rydda kring 1908
- Nyheim - rydda kring 1879, fråskild som bnr. 4 i 1938
- Dansarøy - rydda kring 1888, nedlagd alt kring 1892
Kjelder og litteratur
- Yttrie i folketelling 1801 for Jostedal prestegjeld fra Digitalarkivet.
- Yttri i folketelling 1865 for Jostedal prestegjeld fra Digitalarkivet.
- Yttri i folketelling 1900 for Jostedal herred fra Digitalarkivet.
- Yttri i folketelling 1910 for Jostedal herred fra Digitalarkivet.
- Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. Digital versjon på Nettbiblioteket. S. 471-485.
- «Ytri», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane