Årbok for Gudbrandsdalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. okt. 2010 kl. 18:27 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny artikkel)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Årbok for Gudbrandsdalen er eit lokalhistorisk årsskrift utgjeve av Gudbrandsdal Historielag og Dølaringen. Det vart starta i 1930 som Årbok for Dølaringen. Frå og med 1933 til og med 1938 er utgjevaren «Dølaringen i samarbeid med Gudbrandsdal historielag». Frå og med 1939 heiter boka Årbok for Gudbrandsdalen, og er utgjeve av dei to organisasjonane i fellesskap, frå 1967 ved Dølaringen boklag som historielaget og Dølaringen eig i hop.

Forslaget om å gje ut årbok kom opp på årsmøte i Dølaringen i 1926. Forslagsstillaren var Ola Svare, lærar i Gausdal, opphavleg frå Vågå. Da ideen vart realitet fire år seinare, var Svare medlem i redaksjonskomiteen. Redaktør var læraren og folkeminnesamlaren Edvard Grimstad på Lillehammer, opphavleg frå Skjåk. Elles i den fyrste redaksjonen var Einar Enge frå Tretten og Kaspar Øvstedal, Vågå.

Dølaringen sette opp retningslinjer for innhaldet i årboka i sju punkt. Desse er attgjeve i føreordet i den fyrste utgåva slik:

I Minneord um kjende døler.
II Skrifter og uppskrifter som kan finnast att etter burtfarne folk.
III Bygdaoriginalar. Spelmenn o.a.
IV Frå arbeidslivet i det gamle bondesamfundet. T.d. heile tilgangen med ølbryggjing, slakting, kvernbruk o.sl. Ymse truer som var festa ved dette. Ymse arbeidsmåtar. Seterstell. Um øykjer og andre husdyr det er minne um.
V Gamal fortelnad. Ovtru. Stadnamn, brukte og gløymde. Segner.
VI Dølalynne og dølagjerd. (Småting som karakteriserar dølane.)

Det var lagt opp til at stofftilfanget skulle dekkje alle bygder i Gudbrandsdalen. Det står vidare i det fyrste føreordet at «kvar som skriv, fær velja sitt mål sjølv, og det syner seg i den fyrste at sume vel bygdamålet og sume ei normalisera form. Men dølamålet kjem godt fram hjå alle, og samanlagt gjev boka eit godt oversyn over målføra mest heile dalen over». I praksis har bidragsytarane kunna velje mellom nynorsk normal eller dialekt. Innlegg på bokmål har vorte omsette til nynorsk. Utgjevaren Dølaringen har ved sida av tradisjonsbevaringa og lokalhistoria alltid hatt eit målpolitisk siktemål med boka, nemleg å stø nynorsken og bruken av dialekt.

Særleg frå ca. 1980 har innhaldet årboka gradvis endra karakter. Folkeminnepreget og innslaget av folkehumor og «segn og soge» har i monaleg grad vikt plass for artikkelstoff av meir historiefagleg karakter, med auka vekt på emne også utanom den gamle bondekulturen og på nyare tids forhold. Det har vore innslag av temautgåver. Frå og med 1995 vart format og layout lagt om, og det har vorte lagt vekt på gjennomtenkt bruk av fotografi og andre illustrasjonar.

Årboka har kome kvart år frå og med 1930 med unntak av krigsåra 1942-1944.


Redaktørar


Kjelder og litteratur

  • ”Fyreord” i Årbok for Dølaringen 1930.
  • Hosar, Kristian: ”75 årbøker om Gudbrandsdalen” i Årbok for Gudbrandsdalen 2007.
  • Hovdhaugen, Einar: ”Årbok for Gudbrandsdalen gjennom 50 år” i Årbok for Gudbrandsdalen 1982.
  • Ramberg, Knut: ”God bok blir betre,” i Årbok for Gudbrandsdalen 1992.