Øen gamle skule

Øen skulehus i Hyllestad kommune vart bygd i 1926. Det er eit stort hus med tre etasjar. I underetasjen har det vore to undervisningsrom/arbeidsrom samt toalett for både gutar og jenter. I første høgda vart det halde skule i to store klasserom, og i andre høgda var det to bueiningar til lærarar.

Øen gamle skule.
Foto: Sigrun Espe (2016).

Andre bruksområde

Hausten 1978 stod den nye skulen på Øen klar, og Øen gamle skule vart etter dette brukt blant anna til kurs, verkstader og øvingslokale. [1]

Eit privat initativ for å setje i stand huset og gjere det om til eit kultur- og grendahus er sett i gong av ein tidlegare elev ved skulen, Sissel Hatløy. [2]

Skulekrets

I 1861 var Øen i same skulekrets som Ulvik, Salbu, Sundbotn, Smilden, Hatlem og Leirpoll. I 1891 var Ulvik og Hatlem eigne krinsar, men i 1963 heiter krinsen Øen. I 1990 omfatta Øen krins Lerpold, Horne, Sundbotten og Gil.

Foto

Kjelder

  1. Heim og skule Nr. 1 Mars 1979
  2. Bli med å skape liv i gamle øen skule


Koordinater: 61°13′14.7″ N 5°13′00.7″ Ø