Øystad (Fyresdal): Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 2: Linje 2:
'''Øystad''' Gnr.37/15 er Skippergata 1 i [[Folkestadbyen]] i Fyresdal kommune. Eigedomen er skild ut frå Århus gnr.37/1  og Gjermund Olavson Snarteland fekk i 1883 leigekontrakt på ei tomt til 12 kroner årleg leige. Her sette han opp hus. Hovudbygningen er ein midtgangsbygning med ei stove på kvar side av ein gang der ein del av denne vender ut mot vegen og er dela av til kjøkken. I ein innkledd veranda er det trapp opp til eit stort rom i andre høgda.
'''Øystad''' Gnr.37/15 er Skippergata 1 i [[Folkestadbyen]] i Fyresdal kommune. Eigedomen er skild ut frå Århus gnr.37/1  og Gjermund Olavson Snarteland fekk i 1883 leigekontrakt på ei tomt til 12 kroner årleg leige. Her sette han opp hus. Hovudbygningen er ein midtgangsbygning med ei stove på kvar side av ein gang der ein del av denne vender ut mot vegen og er dela av til kjøkken. I ein innkledd veranda er det trapp opp til eit stort rom i andre høgda.


Det var enkja Anne Gunnarsdtr. Snarteland (1833-1911) som budde her i 1900 til ho døydde i 1911.  Anne var frå Klauvreid i Skafså, vart gift på S. Snarteland med Aslak Kjetilson S. Snarteland (1825-1899), og Øystad vart då enkesete. Øystad fekk i 1927 ei skyld på 2 øre frå Folkestad Gnr. 37/5, dette selde Olav Rønjom til Ingebjørg A. Momrak (1862-1949) for 240 kroner. Ingebjørg var dotter til Anne. I 1935 selde så Ingebjørg til Kjetil J. Valebjørg, Aslak K. Snarteland, [[Olav Momrak (1868-1944)|Olav A. Momrak]] og Aslak G. Momrak for 400 kroner.
Det var enkja Anne Gunnarsdtr. Snarteland (1833-1911) som budde her i 1900 til ho døydde i 1911.  Anne var frå Klauvreid i Skafså, vart gift på S. Snarteland med Aslak Kjetilson S. Snarteland (1825-1899), og Øystad vart då enkesete. Øystad fekk i 1927 ei skyld på 2 øre frå Folkestad Gnr. 37/5, dette selde Olav Rønjom til Ingebjørg A. Momrak (1862-1949) for 240 kroner.Ingebjørg var dotter til Anne, ho hadde i 1911 kjøpt Øystad då mora døydde.I 1935 selde så Ingebjørg til Kjetil J. Valebjørg, Aslak K. Snarteland, [[Olav Momrak (1868-1944)|Olav A. Momrak]] og Aslak G. Momrak for 400 kroner, men Ingebjørg vart buande her til ho døydde i 1949.


Etter Ingebjørg var det fleire eigarar her, den fyrste var brorsonen hennar, Andreas Gunnarson Momrak. Øystad er eit sers godt døme på korleis folk busette seg i Folkestadbyen, ofte med tilflytta hus, men slik er det ikkje på Øystad. Her er i tunet hovudbygning, uthus med plass til dyr, utedo og stabbur som har vore vaskehus, og hage. I ei tid der Fyresdal Bygdemuseum vart oppmuntra til å sjå bygda som ein heilhet, og ikkje berre bondekultur, ynskte ein å få hand om, take vare på, og utvikle Øystad, og draumen vart oppfylt. Eigedomen vart i 1988 kjøpt inn av Fyresdal kommune v/kultur- og fritidsutvalet og gjeve vederlagsfritt til [[Fyresdal Bygdemuseum]], jf. Skøyte dagsett 8. august 1991.
Etter Ingebjørg var det fleire eigarar her, den fyrste var brorsonen hennar, Andreas Gunnarson Momrak. Øystad er eit sers godt døme på korleis folk busette seg i Folkestadbyen, ofte med tilflytta hus. Her er i tunet hovudbygning, uthus med plass til dyr, utedo og stabbur som truleg har vore vaskehus, og hage. I ei tid der Fyresdal Bygdemuseum vart oppmuntra til å sjå bygda som ein heilhet, og ikkje berre bondekultur, ynskte ein å få hand om, take vare på, og utvikle Øystad, og draumen vart oppfylt. Eigedomen vart i 1988 kjøpt inn av Fyresdal kommune v/kultur- og fritidsutvalet og gjeve vederlagsfritt til [[Fyresdal Bygdemuseum]], jf. skøyte dagsett 8. august 1991.


'''Øystad og Ingebjørg Momrak/Ingebjørg Øystad/Ingebjørg "Faster"'''
'''Øystad og Ingebjørg Momrak/Ingebjørg Øystad/Ingebjørg "Faster"'''


xxx
Ingebjørg vaska klede for folk som trong det,  og stiva snippar. Dessutan var der plass til hestar og syklar i uthuset for tilreisande. Men Ingebjørg hadde og eit lite «skur» som no er borte. Der samla ho mange rare små ting. Det hende at ungane fekk bli med inn og sjå på kråmet ho hadde der.
Ho var ein sterk og aktiv kristen og hadde stor omsorg for alt som hadde med bedehuset Betel å gjere, det vere seg møteverksemda eller det praktiske med organisering og bruk. Det vart ofte peika på at var Ingebjørg i aktivitet så var Betel i trygge hender. Tilreisande predikantar budde oftast hjå henne, ei løysing fann ho alltid. For heile familien, og vidare enn det, var ho mest kjend som «Ingebjørg faster».
 


'''Øystad og Andreas Momrak'''
'''Øystad og Andreas Momrak'''


xxx
Andreas var brorson til Ingebjørg og budde på Øystad i lag med henne. Andreas hadde stova mot nord og Ingebjørg den mot sør. Andreas døydde i 1970. Han var ein allsidig kar. På veggen stod ei plakat: ''Drosje''. ''Hårklypp''. ''Husflid''. I Varden var det au å lese: Turister som ønsker bilskyss til og fra Fyresdal får de rimeligste priser hos mig med Fordbil stasjonert i Fyresdal. Henvendelse pr. telefon. Ærbødigst A. Momrak.


'''Øystad og Fyresdal Bygdemuseum'''
'''Øystad og Fyresdal Bygdemuseum'''
Skribenter
3 958

redigeringer