Aasa Helgesen (1877–1968)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. apr. 2016 kl. 13:48 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|Klipp fra Inntrøndelagens Julenummer 1925 0005.jpg|Kommunestyret på Utsira 1926–1928, med elleve kvinner og ein mann. Aasa Helgesen er nummer 8 på biletet. Frå ''Inntrønde...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kommunestyret på Utsira 1926–1928, med elleve kvinner og ein mann. Aasa Helgesen er nummer 8 på biletet. Frå Inntrøndelagen sitt julenummer 1925.

Aasa Helgesen (fødd 11. februar 1877 i Bjelland, død 29. april 1968Utsira) var første kvinnelege ordførar i Noreg, i Utsira kommune frå 1926 til 1928.

Ho var dotter av gardsarbeidar Ole Sørensen Røinesdal (1852–1938) og Sissel Johnsdotter Kåland (1841–1902), og voks opp på husmannsplassen Røinesdal i Bjelland, no i Marnardal kommune. Etter grunnskulen blei ho hushjelp hos ein bonde der. Med et garanti for eit lån på 300 kroner frå bonden og lensmannen kunne ho utdanne seg til jordmor i Kristiania. Då ho var ferdig utdanna i 1902 prøvde ho å få jordmorjobben i Bjelland, men blei innstilt som nummer to og måtte søkje andre stader.

Aasa Røinesdal fekk i 1903 jobben som jordmor på øya Utsira i Rogaland, utafor Karmøy. Den gongen tok det ni timar med båt ut dit, og det var ein stor overgang frå skogsbygda ho hadde vokse opp i. Ho blei raskt kjend med folk på Utsira, og fann seg godt til rette. Ho møtte mellom anna fiskaren Sivert Helgensen (1883–1941), som ho blei gift med den 24. juni 1907.

Den 1. juli 1924 blei Utsira eigen kommune, etter å så langt ha vore ein del av Torvastad kommune. Det blei utpeika eit mellombels kommunestyre, og Sivert Helgesen blei første ordførar. Første val i den ny kommunen blei halde den 29. oktober 1925. Det var eit reint fleirtalsval, utan omsyn til lister. Det blei sett opp ei kvinneliste med tolv namn, mellom anna Aasa Helgesen. Så hende det at elleve kvinner og ein mann blei valde.

Den 8. januar 1926 skulle det veljast ordførar. Den mannlege representanten ville ikkje, og Aasa Helgesen blei vald og kunne teke over ordførarvervet etter mannen sin. Etter valet kom det gratulasjonar frå kvinneorganisasjonar i fleire land, men mange trudde at dette ikkje kom til å gå bra. Alle dystre spådomar kom til skamme, men ved valet i 1928 var det ingen av dei elleve kvinnene som ville stille til val. Det blei tolv menn, og Sivert Helgesen blei ordførar for andre gongen.

Aasa Helgesen var jordmor på Utsira til 1942, og tok imot omkring 400 born. Det var om lag så mange som det budde der, så mot slutten av tida hennar som jordmor hadde ho teke imot ein stor del av innbyggjarane. Det var ikkje lege på øya, så ho måtte også hjelpe folk med andre helseplagar.

Sjå også

Litteratur