Andreas Dorotheus Wulfsberg (1747–1828)

Andreas Dorotheus Wulfsberg (fødd i Tønsberg 9. mai 1747 død i Gausdal 10. oktober 1828) var teolog, sokneprest i Åmot i Østerdalen og prost i Østerdalen. Han vart kjend som opplysningsmann og ein pådrivar i nærings- og kulturutvikling i distriktet sitt, og særskilt som medstiftar av Aamotske patriotiske Selskab og tekstilverksemda Enigheten. Han kan trygt reknast blant dei mest utprega «potetprestane» frå denne tida.


Familie

Han var son av residerande kapellan i Tønsberg Niels Andreeassen Wulfsberg ((1715-1784) og hustru Abigael Jacobsdatter Achton (1718-1786).

Andreas Wulfsberg var gift med Dorothea Catharina Johanne Elisabeth Bøchmann (fødd i Sandeherred, nåverande Sandefjord kommune i Vestfold 19. mars 1754 død 10. april 1827), dotter av Paul Conrad Bøchmann og Maren Olsdatter. Andreas og Dorothea Wulfsberg hadde ikkje born sjølve, men brorsonen Niels Wulfsberg (teolog og særleg kjend som pressemann) voks opp hjå dei i Åmot. Det gjorde også eit eller to born som prestefrua var morsyster til.

Andreas Wulfsberg var bror av byfut og politimeister i Christiania justisråd Jacob Wulfsberg (far til Niels). Andreas Wulfsberg var også onkel til eidsvollsmannen og amtmannen Gregers Winther Wulfsberg.


Utdanning og embete

Andreas Wulfsberg vart student frå Tønsberg skole (latinskule) i 1764 og var ferdig utdanna teolog frå Universitetet i København i 1768. Han vart utnemnd til personellkapellan for sokneprest Christen Kiær i Åmot 29. oktober 1777 . Da Kiær døydde i 1786, etterfølgde Wulfsberg han i embetet. Wulfsberg var i kallet til 1. august 1822. I tidsrommet 1795-1816 var han også prost i Østerdalen prosti.

Det framgår ikkje av gjennomgåtte kjelder korleis han tilbringa dei siste åra av livet sitt. Han døydde på prestegarden i Gausdal. Det har truleg samanheng med at soknepresten der, Andreas Fuglesang Diriks, var gift med ei Abigal Wulfsberg.[1] Ho var venteleg nær slektning av Andreas Wulfsberg, kanskje niese og pleiedotter?


Gardbrukar, næringsutviklar og patriot

I 1779, som kapellan, hadde Wulfsberg kjøpt husa på bruket Polmannsmoen rett ved prestegarden i det området som seinare vart til stasjonsbyen og bygdesenteret Rena. Wulfsberg budde der til han flytta inn på prestegarden som sokneprest. Polmannsmoen var skild ut frå Åmot, ein nabogard som hadde vore drive under prestegarden alt frå mellomalderen av. Åmot-garden hadde tidlegare mellom anna vore kapitelsgods, og var nå privat eigd av avdøde sokneprest Kiærs arvingar. Det oppstod tvist mellom desse og Wulfsberg om kva som retteleg låg til prestegarden.

I bygdeboka blir Wulfsberg omtala som «en liberaler og ektefødt barn av opplysningstiden» og om aktivitetane og det lokale engasjementet hans heiter det der: «om en sier at det han ikke hadde en finger med i [i prestegjeldet], er som lite å regne, og alltid var det bygdens og bygdefolkets ve og vel som lå ham på hjerte.»[2] Andre vitnemål og kjensgjerningar ved Wulfsbergs virke synest stadfeste denne konklusjonen. Mellom anna engasjerte han seg i forbetring av skulestellet, mellom anna ved å tale for betre vilkår for lærarane. Han medverka til eit betre poststell i Østerdalen, og arbeidde ihuga for eit betre fattigvesen.

Mykje av innsatsen vart kanalisert gjennom det Aamotske patriotiske Selskab, som vart stifta i 1782 på initiativ av bonden og lensmannen Ole Evenstad frå annekssoknet Stor-Elvdal.


Referansar

  1. Kleiven, I. 1926:157.
  2. Lillevold, E. 1973:200


Kjelder og litteratur