Arnoldus Koren

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 12. mar. 2014 kl. 20:49 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Mellomlagring)
Hopp til navigering Hopp til søk

Arnoldus von Westen Sylow Koren (fødd i Bergen 22. juli 1764, død i Ullensvang 8. oktober 1854) var jurist, eidsvollsmann og stortingsmann. Lengste embetstenesta si hadde han som sorenskrivar i Hardanger og Voss. Han var også kjend som ein føregangsmann i landbruket, ikkje minst kva gjeld fruktdyrkinga i Hardanger.

I Riksforsamlinga på Eidsvoll var han ein konsekvent sjølvstendemann, og han vidareførde denne linja på omframstortinget hausten 1814. Av politiske motstandarar vart han framstilt nærmast som ein overivrig våsekopp, og også hans eigne vener kunne finne han meir enn nødvendig taletrengd. Dette har nok verka til å setje i skuggen Korens fortenester som politikar, embetsmann og gardbrukar. Og det har svekt ettertidas syn for hans heilskaplege samfunnsideal, prega framfor alt av moderne liberale og demokratiske haldningar. Han var kanskje den på Eidsvoll som tydelegast målbar tanken om eit konsekvent brot med det gamle samfunn, for å realisere den franske revolusjonens ideal om fridom, likskap og brorskap.

Bakgrunn og familie

Han var fødd inn i det bergenske handelsborgarskapet. Foreldra var skippar, seinare kjøpmann Niels Koren (1718–1784) og hustru Christine Theting (1727–7179).

Arnoldus Koren gifta seg i Sogndal (?) 24. februar 1796 med Magdalene Margrethe Christie (fødd 22. mai 1767, død 24. mars 1842). Ho var syskenbarn til Arnoldus, dotter til sokneprest i Sogndal og prost David Werner Christie (1730–1805) og Sara Cornelia Koren (1738–1807). Arnoldus og Magdalene fekk åtte born fødde i tidsrommet 1796-1809.

Utdanning og embetsgjerning

Etter gjennomført latinskule i Bergen 1784 byrja han på teologistudiet i København. Snart skifta han fag og tok juridisk embetseksamen i 1789. Fyrste praksis han fekk etter endt utdanning, var kontorarbeid i den dansk-norske sentraladministrasjonen i København (volontør i Danske kanselli, kanskje også tilsett i Rentekammeret.) Han var ein ivrig medlem av Det Norske Selskab, og som det er sagt «ihuga norsk separatist, oppglødd for ideane frå den franske revolusjon og sterkt påverka av Voltaire».[1]

Korens embetsgjerning byrja tok til da han vart sorenskrivar i Vestre Råbyggelaget (Setesdalen) i 1795. Da budde han i Evje, der han med ein gong kjøpte og dreiv garden Klepp.

I 1799 fekk han embetet som sorenskrivar i Hardanger og Voss medfølgjande dommarembete for dei utskilde jurisdiksjonane (birkene) Lysekloster gods og Rosendal baroni. Dette embetet sat han med formelt i 45 år, til an søkte avskil i 1844, 80 år gammal. Men dei siste ti åra hadde han sterkt svekka syn, og embetsoppgåvene vart da bestyrt av fullmektigen hans.

Dei siste åra vart Koren heilt blind og enkjemann, og han budde da hjå sonen Nils som var sokneprest i Ullensvang.

Den lokale føregangsmannen

Framtidsretta landbruk var blant hovudinteressene til sorenskrivaren. I Ullensvang kjøpte «Skrivargarden» av forgjengaren i embetet. Det var eit bruk under garden Helleland. Koren fekk arrondert ein del av jorda på denne teigblanda garden. Han dyrka opp ein god del, grøfta og gjødsla, og tok personleg gjerne del i det fysiske arbeidet med slikt. Han dreiv monaleg hagebruk og importerte utanlandske frukttre. Det var han som tok til med plommesorten Reine Claude-plomma, ein plommesort som var dominerande i Hardanger i meir enn 100 år. Som det står i bygdeboka om dette: «Kjøpmannssonen frå Bergen dreiv ikkje gardsbruket som hobby, men som forretning.» Også dette høver inn i biletet av Koren som ein mann med gjennomgåande moderne haldningar.


1814

Referansar

  1. Kolltveit, O. 1962:216.

Kjelder og litteratur