Asbjørn Fredriksen snr.

Sideversjon per 18. mar. 2012 kl. 19:14 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: Asbjørn Fredriksen snr. var ein møbelleiar frå Sykkylven som var fødd 22. november i 1909 og døydde 16. mai 2002. Han var medeigar av møbelverksemda Vestlandske Møbler som vart s...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Asbjørn Fredriksen snr. var ein møbelleiar frå Sykkylven som var fødd 22. november i 1909 og døydde 16. mai 2002. Han var medeigar av møbelverksemda Vestlandske Møbler som vart skipa i 1929.

Asbjørn var ein yngre bror av den første disponenten ved Vestlandske, Fridtjof Fredriksen, og han var med å byggje opp denne møbelbedrifta til å bli ein av dei leiande i landet, både når det gjaldt formutvikling og teknologiske produksjonsprosessar.

Før dei gjekk i gang med møbelproduksjon i 1929 vegde dei to brørne på å reise over til USA, men dei vart frårådd det. Det var like bra å svelte i hel her som der borte, fekk dei vite! Det vart altså i staden til at dei gjekk saman med nokre andre sykkylvingar om å etablere det som frå starten fekk namnet Vestlandske Kurvvarefabrikk AS. Asbjørn hadde tidlegare lært snikkarfaget ved Erstad Trevarefabrikk. Det vart andre teknikkar å meistre på Vestlandske den første tida, for Asbjørn arbeidde etter etableringa som korgmakar eit års tid. Etter kvart kom han over i meir administrativt arbeid. Han fekk ansvaret for rekneskapsføringa og bokhaldet.

Asbjørn Fredriksen snr. hadde ei stor interesse for dei tekniske utfordringane som var knytte til industriproduksjonen. Det var ikkje den produktmessige nyskapinga som førte dei nye møbelverksemdene på Sunnmøre fram i tetposisjonen, men evna til å produsere meir rasjonelt og meir effektivt enn konkurrentane austafjells. Asbjørn Fredriksen snr. spekulerte stadig ut nye måtar å ordne produksjonen på. Med lanseringa av Ingmar Relling sin Siesta i 1965 kunne Vestlandske, under Asbjørn Fredriksen sen. si leiing, utviklast til ei av dei mest rasjonelle møbelfabrikkane i landet. Han tok initiativet til utviklinga av ein laminatsplittemaskin som vart laga av bedrifta Industriservice i Sykkylven. Få år seinare bidrog han til at Vestlandske vart den første møbelbedrifta i landet som tok i bruk ein lakkrobot.

Asbjørn Fredriksen hadde tittelen kontorsjef ved Vestlandske fram til 1967 då broren, Fridtjof, vart sjuk. Han tok då over som disponent og var det til han nådde pensjonsalderen.

Asbjørn Fredriksen var i yngre år ein aktiv organisasjonsmann. Han var ein av dei første leiarane av Sykkylven Industrilag, og han var med å ta initiativet til eksportorganisasjonen Westnofa i 1955. Han sat i Sykkylven kommunestyre i den første perioden etter siste verdskrigen og han var ei tid formann i den lokale administrasjonen av alders- og barnetrygda. Den store hobbyen var jakt og friluftsliv.

Kjelde:

Eldar Høidal: Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven 1990. Eldar Høidal: Asbjørn Fredriksen snr. Minneord i Sunnmørsposten 24.5.2002.