Askrova skule (2)

Askrova skule i Askrova krins i Flora kommune vart opna 1991. Skulen vart bygd for å erstatte gamleskulen som brann ned 28. februar 1990.

Askrova skule.
Foto: Anders J. Moen

Skulehuset

Nye Askrova skule vart bygd med ein del til skule og ein del til barnehage. Skulen opna opna 9.8.1991. Askrova skule vart lagt ned i 2006, då var det berre 5 elevar igjen på øya.

Anna bruksområde

Frå 2006 og fram til i dag har skulehuset fungert som overnattingsplass for skuleklassar som er på tur og mindre arrangement som bakedag, juletrefest o.l. Skulehuset er framleis eigd av Flora kommune.

Kjelder

Digitale kjelder


Koordinater: 61.507527° N 4.946982° Ø