Aure (fisk)

Aure (Mal:Nyn./Mal:Bokm.) eller ørret (Mal:Bokm., latin Salmo trutta) er ein fisk av laksefamilien. Ein skil mellom ferskvannsaure og sjøaure, men all aure forplantar seg i ferskvann. Skilnaden er at ferskvannsauren lev heile sitt liv i ferskvann, medan sjøauren forlet vassdraga når dei er 2–5 år gamle. Sjøaure kan ofte forvekslast med laks. Han er ikkje like slank som laksen, har høgare halerot og fleire skjell i ei skråline frå fettfinna til sidelinja. Han har også fleire flekkar på sidane og svarte flekkar under sidelinja.

Fjellaure frå Indre Årmotvatnet og Bordalsvatnet i Vest-Telemark.
Foto: Anne Brit Borgen

Aure er ein god matfisk, som serverast kokt, stekt, raka, tørka eller salta. Bland sportsfiskarar er aurefisket populært, men det er også noko kommersielt fiske. Ferskvannsauren finst i dei fleste norske kommunar, og han kan gå opp til over 1400 moh. Småaure i fjellvann og -bekkar kallast ofte fjellaure.

Namn

Norsk

Orda aure og ørret kjem av norrønt aurriði.

Samisk

Det mest utbreidde samiske ordet for aure er: Mal:Sørsam. dååpmehke, Mal:Pites. dæbmuk, Mal:Lules. dábmuk og Mal:Nords. dápmot. Ordet er lånt frå samisk til finsk i forma tammukko. I sørsamisk blir òg ordet okse bruka.

Galleri