Bekkjarvik (Austevoll)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. nov. 2014 kl. 21:10 av Cathev (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bekkjarvik er ein gard, handelsstad og tettstad på Selbjørn i Austevoll kommune. Den har gardsnummer 67 (9 før 1964). Garden var tidlegare bygsleplass under Søre Drivenes, men blei utskilt som eigen gard i 1723. Garden ligg ved Bekkjarviksundet. Fram til 1964 hørte Bekkjarvik til Fitjar kommune.

Namn

Ved ei lita vik på nordsida av Selbjørn, renn ein bekk ned frå Drivenesvatnet. Første delen av namnet kjem av Bekkr[1].

Handels- og gjestgivarstad

I Bekkjarvik har det vore handels- og gjestgivarstad kanskje heilt tilbake til mellomalderen. Det var ei god hamn, hamna låg nært gode fiskeriområde og den mest benytta farleia for fiske- og føringsfartøy, Nyleia.

Historie

1600-talet

  • 1600-talet: Otto Slingermann, frå Horn i Nederland, første borgaren som er nevnt.

1700-talet

  • 1723 Bekkjarvik utskilt som egen gard fra Søre Drivenes.
  • 1736 Nemnt i kongebrev at Bekkjarvik hadde ei god skipshamn med 4 karnringar til feste for skip.
  • 1736 Nathanael Mathiasson fekk pålegg i eit kongebrev om å holde dei nødvendige husrom i lovleg stand, og sørge for at omreisende og andre kunne få øl, vin og annet som var nødvendig mot billeg betaling.

1800-talet

  • 1897 Bekkjarvik seld til familien Halstensen.

1900-talet

Kjelder

  • Tufteland, Johan (red.): Austevoll gard og ætt III. Tidlegare Bekkjarvik Kapellsokn. Austevoll sogenemnd. Utgjevar: Austevoll kommune. 1991.

Referansar

  1. Austevoll gard og ætt III. 1991. Side 359