Bekkjarvik (Austevoll)

Bekkjarvik er ein gard, handelsstad og tettstad på øya Selbjørn i Austevoll kommune. Den har gardsnummer 67 (9 før 1964). Garden var tidlegare bygsleplass under Søre Drivenes, men vart utskild som eigen gard i 1723. Garden ligg ved Bekkjarviksundet. Fram til 1964 hørte Bekkjarvik til Fitjar kommune.

Namn

Ved ei lita vik på nordsida av Selbjørn, renn ein bekk ned frå Drivenesvatnet. Første delen av namnet kjem av Bekkr[1].

Handels- og gjestgivarstad

I Bekkjarvik har det vore handels- og gjestgivarstad kanskje heilt tilbake til mellomalderen. Det var ei god hamn, hamna låg nært gode fiskeriområde og den mest benytta farleia for fiske- og føringsfartøy, Nyleia.

Historie

1600-talet

  • 1600-talet: Otto Slingermann, frå Horn i Nederland, første borgaren som er nemnt.

1700-talet

  • 1723 Bekkjarvik utskild som eigen gard fra Søre Drivenes.
  • 1736 Nemnt i kongebrev at Bekkjarvik hadde ei god skipshamn med 4 karnringar til feste for skip.
  • 1736 Nathanael Mathiasson fekk pålegg i eit kongebrev om å halde dei nødvendige husrom i lovleg stand, og syta for at omreisande og andre kunne få øl, vin og anna som var nødvendig mot billeg betaling.

1800-talet

  • 1897 Bekkjarvik seld til familien Ola Halstensen.

1900-talet

  • Første verdenskrig (1914-1918): Sønene til Ola overtok drifta av Bekkjarvik. De auka og delvis omla driften, idet dei la vekt på sild- og fiskehandel og dertil kommisjonsvirksomhet.[2]

Kjelder

  • Tufteland, Johan (red.): Austevoll gard og ætt III. Tidlegare Bekkjarvik Kapellsokn. Austevoll sogenemnd. Utgjevar: Austevoll kommune. 1991.

Referansar

  1. Austevoll gard og ætt III. 1991. Side 359
  2. Gamle handels- og gjestgiversteder på Vestlandet : registreringsrapport. 1 : Ytre Hordaland[1]