Berghald

Sideversjon per 22. jul. 2021 kl. 19:15 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Berghald er eit bergverks- eller gruveteknisk omgrep som tyder dei massene av stein som etter skeidinga vart rekna som verdilaus - dvs. innhaldet av metall var ikkje stort nok til at det var rekningssvarande å vidarebearbeide den på den tida da den vart teken ut av ei gruve. Slike berghald eller gråbergshald vart liggjande utanfor gruvene.

Berghalden ved Skinnargruva i Lesja.

Teknologiske framskritt kunne føre til at massene i berghalda vart vurderte på nytt, og omskeida. Da kan berghalden ved ei gruve bli nokså omrota.

Kjelde