Bersamlaget (Fyresdal)

Sideversjon per 25. des. 2019 kl. 17:19 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})

Bersamlaget (Fyresdal gnr. 36/1/8) er ein eigedom i Folkestadbyen i Fyresdal kommune med adresse Folkestadgata 11. Eigedomen er skild ut frå Fyresdal prestegard (Fyresdal gnr. 36/1).

Fyresdal Bærsamlag vart skipa i 1904 for å hjelpe til med omsetjing av nyttevekstar, spesielt ville bær. I 1908 tok dei til å bygge eige hus, tømra til dette vart flytta frå Lofthus søndre (Fyresdal gnr. 33/3). Det var Fyresdal Vel som bygde. Festet på 150m2 tomt fekk Fyresdal Bærsamlag i 1919. Festet skulle gjelde i 99 år frå 1907 mot årleg 7,20 kroner i leige.

Det vart teke mot både skogsbær og hagebær som vart selde utanfor byga, samstundes fekk dei i gang ei saftpresse. Heradsskogmeister Stoltenberg tok også i mot grankonglar som den gongen vart nytta som såfrø.

Då denne verksemda tok slutt, leigde dei ut til private. Fyresdal Bygdemuseum overtok Bersamlaget i 1955, men dette vart same året seld til privatperson.


Biletgalleri


Kjelder og til inspirerande lesnad


  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009, s. 5-34.