Bendik Taraldlien
Bendik Kjetilson Taraldlien (1863-1951), fødd i Fyresdal og død same stad, var gardbrukar, skogbrukar, sogeskrivar og fotograf. Garden er Taraldlien Gnr. 45 og foreldra var Kjetil Bendikson Taraldlien (1834-1900) og Ingebjørg Gunleiksdotter Slystøyl (1832-1901).
Mykje av æra for at Fyresdal tidleg var i forkant av utviklinga innan skogbruket kan tilskrivast han. Han fekk utdanning ved «Den høiere landbruksskole i Aas» og var lærar på landbruksskulen på Søve i Telemark til han tok over farsgarden i 1897.
Med omsyn til skogbruk vart han formann for Bratsberg Amts Skogselskap (seinare Telemark Skogselskap) då dette vart stifta 9. mars 1900. Han var og formann i eit lokalt skogeigarlag som då heitte Fyri Skogeigarlag, og hadde slik stor påverknadskraft i skogspørsmål. Han reiste mykje rundt for å fremje skogsaka og i 1916 skreiv han ein artikkel «Privatskogen av B. Taraldlien». Han var medlem i heradstyret i Fyresdal i 25 år og formann i forstandarskapet i Fyresdal sparebank i 43 år. Han var sterkt samfunnsengasjert og skreiv ei rekke artiklar og bøker.
På eit årsmøte i «Fyresdals Vel» 9. mars 1909 vart det etter framlegg frå han sett ned ei nemnd som skulle ta opp arbeidet med å få til eit bygdemuseum for Fyresdal. Dette var oppstarten til Fyresdal Bygdemuseum.
Han var tidleg ute med å skrive ei bygdebok. Fyrst kom
- Fyresdal. Med bilæte. Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.
Og så eit vidare arbeid:
- Fyresdal. Andre utgåva 1949. Alb. Cammermeyers forlag. Oslo.
Han skreiv:
- Telemark: Gamal og ny tid. 1930
- Livs-lagnad. 1926
- Fraa gard og heid. Skildring fraa Telemark. 1924
Som fotograf var han sers aktiv og tok ei rekkje fotografi av stader, bygningar og ikkje minst av situasjonar i det daglege folkelivet i Fyresdal. Han hadde med seg fotografiapparatet over alt i kvardagen, og har late etter seg ein samling som er nærast unik då han viser alle sider av bygdelivet i tiåra etter sekelskiftet, som arbeid i skogen og på stølen, fløyting, folkemøte og samankomster. Glasplatesamlinga er i 2011 trygt oppbevara på Telemark Museum og vert vonleg etter kvart tilgjengeleg på Digitalt Museum.
Biletgalleri
Kjelder
- Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
- Veum, Lars: Fyresdal Bygdemuseum gjennom 100 år. Fyresdal Bygdemuseum 2009
- Veum, Lars: Eit hundreår med skogbruk i Fyresdal. Fyresdal skogeigarlag 1911-2011
- Erlandsen, Roger: Norske fotosamlinger. Utg. Ad Notam. Oslo. 1989. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Gardåsen, Tor Kjetil: Den store telemarksboka, 1990
- Telemark arbeiderblad 05.07.1982, 08.11.1990 og 17.12.1990
- Aune, Anne: Tre fotografar i Fyresdal 1900-1940. Brosjyre laga til ei utstilling ved Fyresdal bygdemuseum 2004.
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Bendik Taraldlien på Digitalt museum.
- Bendik Taraldlien på KulturNav