Brevsamling Kleiven-Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 21. nov. 2017 kl. 11:48 av Gudmund Harildstad (samtale | bidrag) (testlagring med bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
beskrivelse
Foto: fotograf/kilde

Brevsamling Kleiven-Prestgard innheld 178 brev.

Kulturhistorikaren Ivar Kleiven frå Vågå og pressemannen Kristian Prestgard frå Heidal var vener frå ungdomen og gjekk i lag på Telemark Folkehøgskule 1885–86. Sidan budde Kleiven fast i Vågå, med Prestgard reiste ut, fyrst til Danmark og i 1893 til Amerika. Dei møttest berre éin gong seinare, sommaren 1927. Breva vart det personlege bandet mellom dei. Her fortel dei om arbeid, kultur, heimeliv og lengt i eit levande, personleg språk. Kleiven bruker både vågåmål, austlandsmål og landsmål. Prestgard skiftar frå dialekt og landsmål i Noreg til riksmål i Amerika, men den lokale tonen ligg alltid under.