Brukersamtale:Nils Steinar Våge: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 236: Linje 236:
==[[Språkskiftet til nynorsk i Austevoll#Språkskiftet til nynorsk i skulane|Språkskiftet til nynorsk i skulane i Austevoll]]==

Hei Nils Steinar. Eg syner til avsnittet: ''I ein av dei største skulekrinsane i Møkster..''. Av referansen rekner eg med at det er Stolmen krins? Vidare til avsnittet: ''I ein annan krins i sokna oppdaga [..] I den første avrøystinga i 1920 fekk bokmål nemleg 25 røyster og nynorsk 10, og bokmålstilhengjarane var truleg redde for at nynorsk no ville bli opplæringsmål. Kva utfallet var av den påklaga avrøystinga, er ikkje kjent. I den endelege avrøystinga fekk bokmål ei røyst og nynorsk 28.'' Er det Store-Karlsøy det er tale om? Hovdan skriv: "I Store-Karlsøy skulde vera ny røysting. Gula 5/6-20 Selbjørn krins valde norsk 17/5-39[!] med 21 mot 1. Store-Karlsøy (same dag?) med 28 mot 1;[..] NT 30/11-39." Det siste stemmer òg med Norsk Tidend (NT). Det vil seie at det var to røystingar i 1920, truleg gjekk òg den andre i favør bm? Krinsen held i alle fall fram med bm, di av Hovdan/NT gjekk vel ''den endelege avrøystinga'' føre seg i 1939? Eg ser du syner til forhandlingsprotokollar frå Austevoll og Møkster skulestyre. Har du dei? Eg vantar ei rekkje røystetal frå krinsrøystingane i desse sokna frå 1920, Drøna i 1937, Kolbeinsvik i 1938 og Hevrøy i 1939. --[[Bruker:Eivindgh|Eivindgh]] 6. sep 2013 kl. 13:00 (CEST)

Hei Eivind! Eg set stor pris på at du engasjerer deg i språkskiftet i Austevoll!
Svar på dei to første spørsmåla er som du sjølv nemner: Stolmen og Storekalsøy krins. I den endelege røystinga fekk bokmål ei røyst og nynorsk 28. Ja, det er Storekalsøy det er snakk om her. Eg ska bruka krinsnamna i artikkelen så blir dette klarare.
Det går ikkje fram av skulestyreprotokollane at det var to røystingar i 1920.
Forhandlingsprotokollane finst i ''Interkommunalt arkiv i Hordaland'' som ligg i Bergen, og eg har gjennomgått dei der. Røystetala for Drøna i 1937 var fem for nynorsk og fire for bokmål, og i Kolbeinsvik krins i 1938 var røystetala 30 for nynorsk og 15 for bokmål. Tala for Hevrøy har eg ikkje, berre at nynorsk vart innført i 1939.
Eg har sett opp to tabellar over krinsrøystingane i soknene, og du får dei som epost. Der får du òg fleire opplysningar. I desse dagar held eg på med ein artikkel om språkskiftet i kommunen til Austevoll mållag sitt tidsskrift ''Rakved frå Austevoll''. Krinsrøystingane er med der.[[Bruker:Nils Steinar Våge|Nils Steinar Våge]] 7. sep 2013 kl. 07:43 (CEST)
Veiledere, Administratorer, Skribenter
10 543

redigeringer