Bykle gamle kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. des. 2013 kl. 12:54 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>{{thumb|Bykle gamle kyrkje 2011.jpg|Bykle gamle kyrkje i desember 2011.|Reidar Tveito}} '''Bykle gamle kyrkje''' vart innvia i 1619, og er ei langkyrkje i tre. Ho va...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bykle gamle kyrkje i desember 2011.
Foto: Reidar Tveito

Bykle gamle kyrkje vart innvia i 1619, og er ei langkyrkje i tre. Ho vart restuarert og noko ombygd 1803–1806. Kyrkja nyttast av Bykle sokn, men soknekyrkja er no Bykle kyrkje frå 2004. Kyrkja er freda.

Kyrkja er oppført i lafta tømmer med utvendig, kvitmalt panel. Koret er noko smalare enn skipet, og har rett avslutning.

Kyrkja er rosemåla innvendig. Aslak A. Wasshus og Knut Å. Byklum måla ho opphavleg i 1828, og i 1938 vart rosemålinga restaurert av Ulvik Hendrisen. Altertavla er frå om lag 1650, og er delt i fleire felt med motiva «Kristus som ber korset», «Kristus på korset» og tre englehovud over. Ein har slege fast at det er eldre motiv under desse, som kanskje er dei opphavlege. Døypefonten er frå om lag 1600, medan alterringen er frå 1776. Det er galleri frå nord og vest; ein veit ikkje når desse vart konstruert.

Klokka heng i ein takryttar midt på kyrkja. Den ringast manuelt, og klokkaren står midt i kyrkja når han ringer. Klokka er frå Nederland, og har ein latinsk innskrift som tyder «Er Gud for oss, kven er då imot oss».

Orgelet frå om lag 1990 har fire stemmer.

Kyrkja fekk i 1992 nye messehaglar frå Kirkelig kulturverksted.

Kjelder

Koordinater: 59.35192° N 7.34417° Ø