Byklum (Bykle gnr 14): Forskjell mellom sideversjoner

språk
(bilete)
(språk)
Linje 413: Linje 413:
Bjørn Jonsson, som overtok eigedomen i Byklum hjå Gunnar Roaldsson og Askjell Gunnarsson i 1504, er også nemnd i eit par eldre brev, frå 1478 og 1482. Liksåvel desse er skøyte, innhaldet i det eldre av dei er at Bjørn Jonsson i det nemnde året har kaupt halve Vatnedalen og halve Hoslemo hjå ein Asbjørn Helgesson, medan det yngre av dei, i fylgje det som vert opplyst i den gamle gards- og ættesoga (127), viser at Bjørn Jonsson i 1482 «kjøpte både Gjerden og Kylendet for 4 merker gull». «Kylendet» er nok eit gamalt artsnamn, men ingen kan i dag seia kvar den parten låg, i Byklum, [[Gjerden (Bykle gnr 15)|Gjerden]] eller andre stader.  

Kvar den omrødde Bjørn Jonsson budde er i røynda uvisst, og me veit heller ikkje noko om borna hans, men når me treffer på ein annan Bjørn Jonsson med eigarinteresser i Byklum mot slutten av 1500-talet, er det nærliggjande å gjeta på at her kan vera ein skyldskap. Den sistnemnde Bjørn Jonsson var brorson åt ein Kjetil som åtte Byklum, men berre takomtil budde her, og [[Alfred Ryningen]] har i ''Vallesoga'' peika på overtydande grunnar til å meine at denne Kjetil var ein son åt Augund Olsson i [[Uppistog Hovet (Valle)|Uppistog Hovet]] i [[Hylestad]] (''Valle'' I, 221 og II, 170 f, jfr. 176). Diverre ser det ikkje ut til å vera mogeleg å påvise ættesambandet mellom eigarane av Byklum frå byrjinga av 1500-åra og dei me møter mot slutten av hundreåret. Me trur likevel at det har vore eit samband til stades, men har ikkje funne virke til å greie det nærare ut.  
Kvar den omrødde Bjørn Jonsson budde er i røynda uvisst, og me veit heller ikkje noko om borna hans, men når me treffer på ein annan Bjørn Jonsson med eigarinteresser i Byklum mot slutten av 1500-talet, er det nærliggjande å gjeta på at her kan vera ein skyldskap. Den sistnemnde Bjørn Jonsson var brorson åt ein Kjetil som åtte Byklum, men berre stundom budde her, og [[Alfred Ryningen]] har i ''Vallesoga'' peika på overtydande grunnar til å meine at denne Kjetil var ein son åt Augund Olsson i [[Uppistog Hovet (Valle)|Uppistog Hovet]] i [[Hylestad]] (''Valle'' I, 221 og II, 170 f, jfr. 176). Diverre ser det ikkje ut til å vera mogeleg å påvise ættesambandet mellom eigarane av Byklum frå byrjinga av 1500-åra og dei me møter mot slutten av hundreåret. Me trur likevel at det har vore eit samband til stades, men har ikkje funne virke til å greie det nærare ut.  

I den gamle gards- og ættesoga (108) les me at «det ser ut som Kjetil Byklum var frå Jåro, og at han fekk garden med kona». Ein skal ikkje sjå bort ifrå at han kan ha gift seg til garden, men me har ikkje sett noko som tyder på at han kom frå Jåro, og vil difor fylgje ''Vallesoga'' når det gjeld opphavet hans.  