Christi Brandser: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Korrektur, lenker mm)
(hbr)
Linje 13: Linje 13:


== Kjelder og litteratur ==
== Kjelder og litteratur ==
* {{hbr1-1|pf01037010001431|Christi Brandser}}.
*Digitalarkivet: Folketeljingar for Skjåk 1865, 1875, 1900.
*Digitalarkivet: Folketeljingar for Skjåk 1865, 1875, 1900.
*Digitalarkivet: Folketeljinga for Rakkestad 1900.
*Digitalarkivet: Folketeljinga for Rakkestad 1900.
Linje 28: Linje 29:
[[Kategori:Sel kommune]]
[[Kategori:Sel kommune]]
[[Kategori:Rakkestad kommune]]
[[Kategori:Rakkestad kommune]]
{{F1}}
{{F1}}{{nn}}

Sideversjonen fra 21. feb. 2017 kl. 07:59

Christi Brandser (fødd 1861 i Skjåk, død 1931 i Heidal i nåverande Sel kommune) var lærar og gardbrukar. Førenamnet er stundom skrive Christie, Kristie og somme stader truleg mistydd som Kristen.

Bakgrunn og familie

Han var fødd og oppvaksen på garden Nørdre Brandsar i Skjåk. Foreldra var gardbrukarparet Kristen Hansen på Brandsar (1830-1865) og Margrete Erlandsdotter frå Sygard (?) Kvåle (1827-1907). Christi hadde tre brør. Den eine, Erland (f. 1855), vart i likskap med Christi lærar. Erik (f. 1865) var underoffiser og seinare gardbrukar etter foreldra. Eldste broren, Hans (f. 1852), er i folketeljinga 1875[1] registrert som «sygevogter» ved garnisonssjukehuset i Kristiania.

Christi gifta seg 8. januar 1897 med Gonetta Marie Olsdotter Faukstad (fødd 1863). I folketeljingane 1900 og 1910 er den oppgjevne fødestaden hennar Heidal. Men i eit innlegg på Dis Norges slektsforum er det nemnt at ho var fødd på Landgård i Øyer.[2] Dei to fekk sonen Kristian (fødd i Vågå 1897) og dottera Magna Kristine (fødd i Rakkestad 1898).

Lærargjerning og bustader

Gjennomgådde kjelder viser ikkje kvar Christi hadde lærarutdanninga si frå, og opplysningane om hans tidlege yrkesår som lærar er også mangelfulle. Han var lærar på eit framhaldsskulekurs på Søre Hyrve i Skjåk i 1893, og fekk det året skipa det fyrste frilynde ungdomslaget i Skjåk, U.L. Bergtorskvål.[3] I tidsrommet 1898-1911 var han folkeskulelærar i Rakkestad. I folketeljingane både for 1900 og 1910 bur familien på Gjulum skule der.[4] I 1910 tok kona att på odel gardsbruka Sygard Faukstad (gnr. 194.) og Nedre Faukstad (gnr. 194.9) i Heidal, og Christi fekk lærarstilling der i bygda. Dei måtte visstnok gå frå Sygard att, og budde og dreiv deretter Nedre Faukstad, der sonen Kristian følgde etter som gardbrukar.[5]

Referansar

  1. Hans Christensen, Brandser nordre i folketelling 1875 for Skjåk fra Digitalarkivet
  2. Slektsforum Dis Norge.
  3. Hosar, Hans P. 1998:387.
  4. Christi Brandser i folketelling 1900 for Rakkestad fra Digitalarkivet og Christi Brandser i folketelling 1910 for Rakkestad fra Digitalarkivet.
  5. Norske gardsbruk bd. 10:348, Oslo 1953.

Kjelder og litteratur

  • Christi Brandser i Historisk befolkningsregister.
  • Digitalarkivet: Folketeljingar for Skjåk 1865, 1875, 1900.
  • Digitalarkivet: Folketeljinga for Rakkestad 1900.
  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok bd. 3. Historia 1798-1914. Skjåk kommune 1998.
  • Norske gardsbruk bd. 10, Oppland fylke 2, Gudbrandsdalen bd. 1. Oslo 1953.
  • Ættebok for Skjåk bd. I side 20-21, jf s 213 og 241.