Den 17de Mai

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 21. apr. 2015 kl. 12:15 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{ikke koord}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Avishode frå november 1898

Den 17de Mai, med undertittel Norskt Folkeblad, var ei frilynt avis som vart utgjeve frå 1894 til 1935. Rasmus Steinvik var grunnleggjar og første redaktør, dei første fire åra saman med Arne Garborg og så aleine til 1913. Dei tilhørde krinsen omkring bladet Fedraheimen. Avisa vart utgjeven frå Kristiania/Oslo. Den 17de Mai var eit hovudorgan for målsaka.

Bland seinare redaktørar kan nemnast Anders Hamre, Einar Breidsvoll og Andreas Haavoll.

Statsrevisor, Venstremann og målmann Magnus Hydle (1868-1944) frå Ulvik, medetablerar av Hardinglaget i hovudstaden, var styreleiar for Den 17de Mai frå 1919 til 1929.

Avisa kom ut som dagsavis frå 1898 til 1900 og frå 1916 til 1935 då ho vart nedlagd. Norsk Tidend var eit framhald av Den 17de Mai og Fedraheimen.

Kjelder