Den portugisiske Nakskauer Menighed

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. jan. 2015 kl. 11:03 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>'''Den portugisiske Nakskauer Menighed''' med '''Henriques-esnogaen''' i København i Danmark vart oppretta i eller rett føre 1750 av Henriques-brørne som...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Den portugisiske Nakskauer Menighed med Henriques-esnogaen i København i Danmark vart oppretta i eller rett føre 1750 av Henriques-brørne som arvtakar etter den portugisarjødiske menigheita, som hadde vore dreven av Isak Granada (d. 1731). Forstandaren kring 1784 var Abraham Henriques. Esnogaen låg da trulig i Snaregade, der Marcus Valentin, Jacob Moses Magnus, Samuel Fraenkel og Moses Bendix Schiff budde med familiane sine. I hop med Abraham Henriques, som budde på hjørnet mellom Naboløs og Gammel Strand, hadde desse familiane ein full minján kring 1784.[1] Esnogaen brann ned i den store brannen i 1795.[2]

Moses Ruben Henriques (1757–1823)

Trulig etablerte menigheita den nye esnogaen i Gammel Mønt, der forstandMal:Aren, silke- og klædekræmmer Moses Ruben Henriques budde i mange år. I lista over synagogar i København som vart innsendt i 1828, var Gammel Mønt oppgjeve som stad for den portugisiske synagogen — mest trulig matr. 252/1806, som svarar til Gammel Mønt 4. I 1822 (eller 1812?) hadde den portugisarjødiske menigheita i alt 179 medlemmar (inkludert born) fordelt på 34 familiar etter medlemslista som vart innsendt til politimeisteren i København.[3] Slektene inkluderer: Henriques (7 familiar), Heilbuth (5 fam.), Fürst (2 fam.), Israel (2 fam.), Monis (2 fam.) og Valentin (2 fam.). I tillegg var det éin familie kvar av slektene Abarbnel, Ahronsen, Berend, Behrens, Cantor, Davidson, Delbanco, Joachim, Lübschütz, Magnus, Meyer, Salomon, Simonsen og Stadhagen. Wolff I. Behrens Mal:Er nemnt som Forsanger ved den portugisiske Menighed og Simon Heilbuth er nemnt som Klokker ved den portugisisk Menighed.

Fotnotar

  1. S. 23 Mal:Utav Frosell, P. Hampton: Københavnske synagoger gennem tre hundrede år. [København] : Selskabet for dansk-jødisk Historie; C.A. Reitzel, 1987. ISBN 87-7421-567-1
  2. S. 24 f. Mal:Utav Frosell, P. Hampton: Københavnske synagoger gennem tre hundrede år. [København] : Selskabet for dansk-jødisk Historie; C.A. Reitzel, 1987. ISBN 87-7421-567-1
  3. S. 34 f. Mal:Utav Frosell, P. Hampton: Københavnske synagoger gennem tre hundrede år. [København] : Selskabet for dansk-jødisk Historie; C.A. Reitzel, 1987. ISBN 87-7421-567-1