Den portugisiske Nakskauer Menighed
Den portugisiske Nakskauer Menighed med Henriques-esnogaen i København i Danmark vart oppretta i eller rett føre 1750 av Henriques-brørne som arvtakar etter den portugisarjødiske menigheita, som hadde vore dreven av Isak Granada (d. 1731). Forstandaren kring 1784 var Abraham Moses Henriques, bestefar til forretningsmannen og stortingsrepresentanten Ludvig Mariboe. Esnogaen låg da trulig i Snaregade, der Marcus Valentin, Jacob Moses Magnus, Samuel Fraenkel og Moses Bendix Schiff budde med familiane sine. I hop med Abraham Henriques, som budde på hjørnet mellom Naboløs og Gammel Strand, hadde desse familiane ein full minján kring 1784.[1] Esnogaen brann ned i den store brannen i 1795.[2]
Trulig etablerte menigheita den nye esnogaen i Gammel Mønt, der forstandaren, silke- og klædekræmmer Moses Ruben Henriques budde i mange år. I lista over synagogar i København som vart innsendt i 1828, var Gammel Mønt oppgjeve som stad for den portugisiske synagogen — mest trulig matr. 252/1806, som svarar til Gammel Mønt 4. I 1822 (eller 1812?) hadde den portugisarjødiske menigheita i alt 179 medlemmar (inkludert born) fordelt på 34 familiar etter medlemslista som vart innsendt til politimeisteren i København.[3] Slektene inkluderer: Henriques (7 familiar), Heilbuth (5 fam.), Fürst (2 fam.), Israel (2 fam.), Monis (2 fam.) og Valentin (2 fam.). I tillegg var det éin familie kvar av slektene Abarbnel, Ahronsen, Berend, Behrens, Cantor, Davidson, Delbanco, Joachim, Lübschütz, Magnus, Meyer, Salomon, Simonsen og Stadhagen. Wolff I. Behrens er nemnt som Forsanger ved den portugisiske Menighed og Simon Heilbuth er nemnt som Klokker ved den portugisisk Menighed.
Fotnotar
Kjelder
- Frosell, P. Hampton: Københavnske synagoger gennem tre hundrede år. [København] : Selskabet for dansk-jødisk Historie; C.A. Reitzel, 1987. ISBN 87-7421-567-1