Dovre folkehøgskule: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
(Bilete)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 23: Linje 23:


Men det vart ikkje noko fjerde år for folkehøgskulen på Dovre. Tordhol, som skriv om dette ved femtiårsminnet i 1965, legg forklaringa til og mykje av skulda for dette på Ingeborg Møller. Ho var i følgje han eit «uroelement» med stadig nye planar for skulen.<ref>Tordhol, K. 1965 side 36.</ref>
Men det vart ikkje noko fjerde år for folkehøgskulen på Dovre. Tordhol, som skriv om dette ved femtiårsminnet i 1965, legg forklaringa til og mykje av skulda for dette på Ingeborg Møller. Ho var i følgje han eit «uroelement» med stadig nye planar for skulen.<ref>Tordhol, K. 1965 side 36.</ref>
== Nedlegging på Dovre og eit etterspel på Sel ==
Ingeborg Møller hadde tankar om å kjøpe ein gard på Dovre og byggje ein stor skule der. Ho var sterkt inne på tanken om å byggje han i fjellet, kanskje ved Hjerkinn. Austlid, gamle Ivar Blekastad og Einar Lunde var med henne i dette arbeidet. Det vart til at ho sommaren 1918 kjøpte Kleivmillom på Nord-Sel, og ivra for å flytte skulen dit. For Bjørner Vigerust og også for mange som var knytta til skulen på Dovre, var dette eit vonbrot. Kristian Tordhol mislikte dette sterkt, og framstiller det i ettertid som eit solospel og nærast som eit kupp frå Møllers side, men let seg overtale til å arbeide den fyrste vinteren der.<ref>For to noko ulike framstillingar av hendingsgangen sjå Tordhol, K. 1965side 36-38 og Blekastad, M. 1983 side 119-121.</ref>
Det vart ikkje til at skulen flytta til Kleivmillom. I staden leigde dei den fyrste vinteren (1918-1919) lokale i [[Bjørkheim hotell]] på [[Otta]]. Austlid heldt fram som styrar ei tid. Kristian Tordhol hadde trass i sinnet som flyttinga hadde sett han i, overtala til å bli med som lærar i eitt år. Frå nyttår vart [[Margit Blekastad]], syster til Hallvard, med.
Så vart skulen året etterpå flytta til Romundgard på Nord-Sel. Da kjende mange at ringen var slutta, sidan det var der Christopher Bruun hadde starta skulen sin i 1867. Austlid vart avløyst av Schirmer som styrar frå nyttår. Tordhol framstiller det som at Austlid vart skuva ut på grunn av høg alder. Margit Blekastad slutta etter skuleåret 1919-1920. Meir fall da på Schirmer og Møller. Seinare kom også [[Ingebjørg Mælandsmo]] til,<ref>Reiten, J. 1978 side 41-42.</ref> og kanskje fleire.
Skulen på Sel vart nedlagd i 1922, og hadde da medrekna året på Otta halde på i fire skuleår.


== Referansar ==
== Referansar ==
<references/>
<references/>
Veiledere, Administratorer
9 032

redigeringer