Dovre folkehøgskule
Dovre folkehøgskule var i verksemd på Dovre frå hausten 1915 til våren 1918, dvs. i tre skuleår. Skulen var ein direkte oppfølgjar av ein tilsvarande grundtvigiansk folkehøgskule i Gausdal 1913-1915. Etter tida på Dovre vart det eit framhald i Sel 1918-1922. Den sistnemnde blir også gjerne omtala under nemninga Dovre folkehøgskule.
To generasjonar norskdomsrørsle
Skulen var særmerkt av dei kjende kulturpersonlegdomane som var lærarar der og/eller som støtta opp om han på anna vis. Miljøet som utvikla seg der, kan seiast å ha vore eit møte mellom på den eine sida det grundtvigianske norskdomsmiljøet som hadde blomstra i Gudbrandsdalen frå 1860-åra av, og på den andre sida den spirande antroposofiske rørsla i Noreg fyrst på 1900-talet. Den eldre norskdomsrørsla var direkte representert ved Andreas Austlid. Fremst i den nye generasjonen stod diktaren Olav Aukrust og kunstmålaren Hallvard Blekastad. Dei to var nære vener, tremenningar og svograr frå det ein med god rett kan kalle eit norskdomsdynasti i dalen, familiane Blekastad, Ofigsbø og Aukrust. Både Olav Aukrust og Hallvard Blekastad vart sterkt inspirerte av antroposofien. Ein annan markant personlegdom ved skulen var forfattaren Ingeborg Møller, som var ein sentral pioner for den antroposofiske rørsla her til lands. Forretningsmannen og mesénen Einar Lunde, som bygde opp det antroposofiske miljøet på Lillehammer, støtta opp om tiltaket. Hovudæra for at skulen kom til Dovre, hadde ordføraren der, Bjørner Vigerust. Det kan gje eit frampeik mot ein avart av den gudbrandsdalske norskdomsrørsla. Vigerust var alt frå 1933 ein sentral person i det etter måten sterke NS-miljøet på Dovre.[1]
Det mytiske Dovre
Både iniativtakar Vigerust og skulestyrar Aukrust var spesielt motiverte for valet av Dovre som stad for ein folkehøgskule. Dovre-namnet har ein mytisk status i norsk historie, frå Harald Hårfagres tid til og med Eidsvoll 1814. «Dovre kan vekkje tankar um ein utgamal norrøn visdoms-skule eller "høgskule"» skriv Aukrust i ein artikkel om dette.[2] Som Jarl fekk opplæring av Rig (i det norrøne kvadet Rigstula) «soleis lærde Harald visdom av risen Dovre, og Dovre er, meiner Sophus Bugge, ingen annan enn Odin sjølv [...]». Så kan Aukrust konkludere om dette:
- «Held ein dette mystiske, mytisk-religiøse, historiske, national-symbolske og kristelege fast, - og ser ein so på landet med eit ørnesyn, ovanifrå, eller med eit hugsyn, innanifrå, - då vil Dovre straks bjode seg fram som ein høveleg stad for nationalt og religiøst nykveikjingsarbeid, for norsk folkehøgskule på gamal grunn.»
Oppstarten
Skulen på Dovre hadde eit toårig forspel i Gausdal. På initiativ av mellom andre Ivar Blekastad (far til Hallvard) var det på nytt kome i gang folkehøgskule der hausten 1913. Det var Christopher Bruuns Vonheim som skulle få nytt liv. Austlid var styrar og Hallvard Blekastad og Olav Aukrust blant lærarane der. Av ymse grunnar gjekk ikkje dette, og skulen såg ut til å måtte leggjast ned etter to vintrars undervisning. Da tok ordføraren på Dovre tak i saka og inviterte skulen dit. Det var Bjørner Vigerust, ivrig norskdommann som den gongen representerte Venstre, og som sjølv hadde bakgrunn frå Viggo Ullmanns folkehøgskule i Seljord.
Økonomien og det praktiske med flyttinga til Dovre vart ordna over sommaren 1915. Dovre kommunestyre lova 1000 kroner årleg til skulen, og hjelpte til med husvære. Det vart i byrjinga kommunehuset Båtsto, der også Hjerleidske husflidsskule hadde lokale. Støtta frå kommunen gjorde sitt til å utløyse fylkes- og statstilskot.
Det melde seg om lag 60 elevar, og skulen kom i gang i oktober 1915. Aukrust var styrar. Som lærarar var i tillegg til styraren tilsett Ola Vigerust, Kristian Aasmundstad og Juline Stigen. Astronomen og læraren Sigurd Einbu og ditsriktslege Bidenkap var timelærarar.
Det var stor stas ved opningseremonien med mellom andre diktarpresten og målmannen Ivar Mortensson-Egnund og skuledirektør Eftestøl til stades.
Kva slag innhald skulle skulen ha?
Folkehøgskulepedagogikken var omstridd i samtida. Ved oppstarten vart det ein del avisskriving om skulen på Dovre.[3] Aukrust ser seg nøydd til å tilbakevise påstandar om at det kom til å bli ein skule «paa den sædvanlige "Høgskulegjerd" med Maalstræv som Alfa og Omega og radikal Politik i dens Følge». Han siterer føremålsparagrafen for skulen:
- «Dovre folkehøgskule er ein ålmenn-danande skule for vaksen norsk ungdom. (Lågalder 17 år fyre 1ste januar i skuleåret.) Skulen vil, at elevane skal koma so langt som råd er i kunnskapsvegen, - sjølve kunnskaps-upplæringi skal difor vera grundig, fagleg og strengt objektiv.
- Ikkje berre kunnskap, men óg livs-upplysning vil skulen freista gjeva. Med nytestamentleg kristendom som ideal vegvisar skal dei unge få hjelp til å kjenne og skyne, at einast i truskap mot dei moralske og religiøse grunnsetningar kann ein halde mannalivet uppe i reinleik, kraft og gleda. Det som tener til å nære karakter-daningi og den etiske vilje-vokster skal det gjennom heile upplæringi leggjast særleg sterk vegt på. Skulen vil av all si magt nøre elsken til heim og fedreland, og han vil gjera alt han kann til å stålsetja viljen og vekkje hugen, so ungdomen står med sterke røter i bondeliv og heimleg kultur på norsk jord.»
Turbulens
Det andre året fekk færre elevar. Aukrust gav den hausten ut den fyrste diktsamlinga si, «Himmelvarden», og var borte frå skulen fram til jul. Han fekk Hallvard Blekastad til å vikariere for seg. [4] Ingeborg Møller (som på den tida heitte Ingeborg Lindholm) kom nå med som timelærar. Blekastad er full av lovord om henne: «Ho har ein umaateleg menneskjekunnskap […] Eg har ikkje raaka noko menneskje enno som har havt so sterk tru paa og so stor kjærleik til folkehøgskulen som ho.» Og seinare (november 1916): «Fru Ingeborg Lindholm har begynt ved skulen au … Henne likar dei godt. Ho er ei kraft.»[5]
Men det skulle sidan syne seg at det var to meiningar om hennar innsats for skulen.
Frå tredje året (1917-1918) fekk Aukrust den aldrande Andreas Austlid til å ta over styringa i sin stad. Den unge lærarskuleutdanna Kristian Tordhol frå Lesja vart tilsett i staden for Ola Vigerust, som hadde sagt opp. Austlid tilsette så Sturla Brørs frå Sund folkehøgskule i Inderøy og dotter si Anna Austlid i staden for Aasmundstad og Juline Stigen. Dette skapte i følgje Tordhol noko misnøye.[6] Likevel meiner han at skulen tok seg opp att i omdømme og entusiasme dette tredje året, og at utsiktene såg gode ut.
Men det vart ikkje noko fjerde år for folkehøgskulen på Dovre. Tordhol, som skriv om dette ved femtiårsminnet i 1965, legg forklaringa til og mykje av skulda for dette på Ingeborg Møller. Ho var i følgje han eit «uroelement» med stadig nye planar for skulen.[7]
Nedlegging på Dovre og eit etterspel på Sel
Som Aukrust og Vigerust var Ingeborg Møller oppteken av det mytiske Dovre. Ho hadde tankar om å kjøpe ein gard der, og å byggje opp ein skule oppe på fjellet ved Hjerkinn. Austlid, gamle Ivar Blekastad og Einar Lunde var med henne i dette arbeidet. Det vart ikkje noko av desse planane. Men sommaren 1918 kjøpte Møller Kleivmillom på Nord-Sel, og ivra for å flytte skulen dit. For Bjørner Vigerust og også for mange som var knytta til skulen på Dovre, var dette eit vonbrot. Kristian Tordhol mislikte dette sterkt, og framstiller det i ettertid som eit solospel og nærast som eit kupp frå Møllers side, men let seg overtale til å arbeide den fyrste vinteren der.[8]
Det vart ikkje til at skulen flytta til Kleivmillom. I staden leigde dei den fyrste vinteren (1918-1919) lokale i Bjørkheim hotell på Otta. Austlid heldt fram som styrar ei tid. Kristian Tordhol hadde trass i sinnet som flyttinga hadde sett han i, overtala til å bli med som lærar i eitt år. Frå nyttår vart Margit Blekastad, syster til Hallvard, med.
Så vart skulen året etterpå flytta til Romundgard på Nord-Sel. Da kjende mange at ringen var slutta, sidan det var der Christopher Bruun hadde starta skulen sin i 1867. Austlid vart avløyst av Thorleif Schirmer som styrar frå nyttår. Tordhol framstiller det som at Austlid vart skuva ut på grunn av høg alder. Margit Blekastad slutta etter skuleåret 1919-1920. Meir fall da på Schirmer og Møller. Seinare kom også Ingebjørg Mælandsmo til,[9] og kanskje fleire.
Skulen på Sel vart nedlagd i 1922, og hadde da medrekna året på Otta halde på i fire skuleår.
Referansar
- ↑ Moren, G. 2006.
- ↑ Aukrust, O. 1965 (1915):83-85.
- ↑ Mæhle, L. 1965:18, som refererer til innlegg i Lillehammer Tilskuer 9.8.1915 og i Gudbrandsdalens Folkeblad 21.8., 24.8., 26.8. og 28.8. 1915.
- ↑ Blekstad, M. 1983 side 114
- ↑ Båe sitata frå Blekastad, M. 1983 side 115.
- ↑ Tordhol, K. 1965 side 35.
- ↑ Tordhol, K. 1965 side 36.
- ↑ For to noko ulike framstillingar av hendingsgangen sjå Tordhol, K. 1965 side 36-38 og Blekastad, M. 1983 side 119-121.
- ↑ Reiten, J. 1978 side 41-42.
Kjelder og litteratur
- Aukrust, Olav: «Dovre folkehøgskule» i Skaldespor. Artiklar, talar, brev, dikt. (Utg. ved Leiv Mæhle.) Gyldendal, Oslo 1965. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Blekastad, Milada: Hallvard Blekastad. Glimt frå eit kunstnarliv. Universitetsforlaget 1983. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Moren, Gudmund: «Nasjonal Samling i Dovre 1933-1945» i Årbok for Gudbrandsdalen 2006, Dølaringen Boklag 2006. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Mæhle, Leif: Innleiing til Skaldespor (Aukrust, O. 1965). Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Reiten, Jacob: «Romundgard på Nord-Sel. Kjend både frå Skotte-toget og som skulestad,» i Årbok for Gudbrandsdalen 1978. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Sørbø, Jan Inge: Ørneflukt og ormegard. Ein biografi om Olav Aukrust. Det Norske Samlaget 2009. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Tordhol, Kristian: «Dovre Folkehøgskule. 50 år sidan skulen tok til», i Årbok for Gudbrandsdalen 1965. Digital versjon på Nettbiblioteket.