Dovre folkehøgskule: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
(Ny side: '''Dovre folkehøgskule''' var i verksemd på Dovre frå hausten 1915 til våren 1918, dvs. i tre skuleår. Skulen var ein direkte oppfølgjar av ein tilsvarande [[folkehøgskule...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 2: Linje 2:


== To generasjonar norskdomsrørsle ==
== To generasjonar norskdomsrørsle ==
Skulen var særmerkt av dei kjende kulturpersonlegdomane som var lærarar der og/eller som støtta opp om han på anna vis. Miljøet som utvikla seg der, kan seiast å ha vore eit møte mellom på den eine sida det grundtvigianske norskdomsmiljøet som hadde blomstra i [[Gudbrandsdalen]] frå 1860-åra av, og på den andre sida den spirande [[antroposofi|antroposofiske]] rørsla i Noreg fyrst på 1900-talet. Den eldre norskdomsrørsla var direkte representert ved [[Andreas Austlid]]. Fremst i den nye generasjonen stod diktaren [[Olav Aukrust]] og kunstmålaren [[Hallvard Blekastad]]. Dei to var nære vener, tremenningar og svograr frå det ein med god rett kan kalle eit norskdomsdynasti i dalen, familiane Blekastad, Ofigsbø og Aukrust. Både Olav Aukrust og Hallvard Blekastad vart sterkt inspirerte av antroposofien. Ein annan markant personlegdom ved skulen var forfattaren [[Ingeborg Møller]], som var ein sentral pioner for den antroposofiske rørsla her til lands. Forretningsmannen og mesenen [[Einar Lunde]], som bygde opp det antroposofiske miljøet på [[Lillehammer]], støtta opp om tiltaket. Hovudæra for at skulen kom til Dovre, hadde ordføraren der, [[Bjørner Vigerust]]. Det kan gje eit frampeik mot ein avart av den gudbrandsdalske norskdomsrørsla. Vigerust var alt frå 1933 ein sentral person i det etter måten sterke NS-miljøet på Dovre.
Skulen var særmerkt av dei kjende kulturpersonlegdomane som var lærarar der og/eller som støtta opp om han på anna vis. Miljøet som utvikla seg der, kan seiast å ha vore eit møte mellom på den eine sida det grundtvigianske norskdomsmiljøet som hadde blomstra i [[Gudbrandsdalen]] frå 1860-åra av, og på den andre sida den spirande [[antroposofi|antroposofiske]] rørsla i Noreg fyrst på 1900-talet. Den eldre norskdomsrørsla var direkte representert ved [[Andreas Austlid]]. Fremst i den nye generasjonen stod diktaren [[Olav Aukrust]] og kunstmålaren [[Hallvard Blekastad]]. Dei to var nære vener, tremenningar og svograr frå det ein med god rett kan kalle eit norskdomsdynasti i dalen, familiane Blekastad, Ofigsbø og Aukrust. Både Olav Aukrust og Hallvard Blekastad vart sterkt inspirerte av antroposofien. Ein annan markant personlegdom ved skulen var forfattaren [[Ingeborg Møller]], som var ein sentral pioner for den antroposofiske rørsla her til lands. Forretningsmannen og mesénen [[Einar Lunde]], som bygde opp det antroposofiske miljøet på [[Lillehammer]], støtta opp om tiltaket. Hovudæra for at skulen kom til Dovre, hadde ordføraren der, [[Bjørner Vigerust]]. Det kan gje eit frampeik mot ein avart av den gudbrandsdalske norskdomsrørsla. Vigerust var alt frå 1933 ein sentral person i det etter måten sterke NS-miljøet på Dovre.
 
== Oppstarten ==
Skulen på Dovre hadde eit toårig forspel i Gausdal. På initiativ av mellom andre [[Ivar Blekastad]] (far til Hallvard) var det på nytt kome i gang [[Gausdal folkehøgskule 1913-1915 |folkehøgskule der]] hausten 1913. Det var [[Christopher Bruun]]s [[Vonheim]] som skulle få nytt liv. Austlid var styrar og Olav Aukrust blant lærarane der. Av ymse grunnar gjekk ikkje dette, og skulen såg ut til å måtte leggjast ned etter to vintrars undervisning. Da tok ordføraren på Dovre tak i saka og inviterte skulen dit. Det var  Bjørner Vigerust, ivrig norskdommann som den gongen representerte [[Venstre]], og som sjølv hadde bakgrunn frå [[Viggo Ullmann]]s folkehøgskule i Seljord.
 
Økonomien og det praktiske med flyttinga til Dovre vart ordna over sommaren 1915. Dovre kommunestyre lova 1000 kroner årleg til skulen, og hjelpte til med husvære. Det vart i byrjinga kommunehuset Båtsto, der også [[Hjerleid skole og håndverksenter|Hjerleidske husflidsskule]] hadde lokale. Støtta frå kommunen gjorde sitt til å utløyse fylkes- og statstilskot.
 
Det melde seg om lag 60 elevar, og skulen kom i gang i oktober 1915. Aukrust var styrar. Som lærarar var i tillegg til styraren tilsett [[Ola Vigerust]], [[Kristian Aasmundstad]] og [[Juline Stigen]]. Astronomen og læraren [[Sigurd Einbu]] og ditsriktslege Bidenkap var timelærarar.
 
Det var stor stas ved opningseremonien med mellom andre diktarpresten og målmannen [[Ivar Mortensson Egnund]], skuledirektør [[Eftestøl, O. A.|Eftestøl]] til stades.
Veiledere, Administratorer
9 032

redigeringer