Dovre folkehøgskule

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. apr. 2013 kl. 03:11 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Dovre folkehøgskule''' var i verksemd på Dovre frå hausten 1915 til våren 1918, dvs. i tre skuleår. Skulen var ein direkte oppfølgjar av ein tilsvarande [[folkehøgskule...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Dovre folkehøgskule var i verksemd på Dovre frå hausten 1915 til våren 1918, dvs. i tre skuleår. Skulen var ein direkte oppfølgjar av ein tilsvarande grundtvigiansk folkehøgskule i Gausdal 1913-1915. Etter tida på Dovre vart det eit framhald i Sel 1918-1922. Den sistnemnde blir også gjerne omtala under nemninga Dovre folkehøgskule.

To generasjonar norskdomsrørsle

Skulen var særmerkt av dei kjende kulturpersonlegdomane som var lærarar der og/eller som støtta opp om han på anna vis. Miljøet som utvikla seg der, kan seiast å ha vore eit møte mellom på den eine sida det grundtvigianske norskdomsmiljøet som hadde blomstra i Gudbrandsdalen frå 1860-åra av, og på den andre sida den spirande antroposofiske rørsla i Noreg fyrst på 1900-talet. Den eldre norskdomsrørsla var direkte representert ved Andreas Austlid. Fremst i den nye generasjonen stod diktaren Olav Aukrust og kunstmålaren Hallvard Blekastad. Dei to var nære vener, tremenningar og svograr frå det ein med god rett kan kalle eit norskdomsdynasti i dalen, familiane Blekastad, Ofigsbø og Aukrust. Både Olav Aukrust og Hallvard Blekastad vart sterkt inspirerte av antroposofien. Ein annan markant personlegdom ved skulen var forfattaren Ingeborg Møller, som var ein sentral pioner for den antroposofiske rørsla her til lands. Forretningsmannen og mesenen Einar Lunde, som bygde opp det antroposofiske miljøet på Lillehammer, støtta opp om tiltaket. Hovudæra for at skulen kom til Dovre, hadde ordføraren der, Bjørner Vigerust. Det kan gje eit frampeik mot ein avart av den gudbrandsdalske norskdomsrørsla. Vigerust var alt frå 1933 ein sentral person i det etter måten sterke NS-miljøet på Dovre.