Drevja

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. okt. 2008 kl. 20:51 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{Q1}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Drevjedalen sett frå Drevjamoen.

Drevjo (utt. /"dræv.jɷ./ Mal:NA; i Drevjen utt. /"dræv.jen/ (Mal:D)), ofte skrive som Drevja på normalnorsk, er ei elv og ein dal i Vefsn kommuneHelgeland. Dalen strekkjer seg frå Drevjaleira til Drevvatnet, mellom fjella Toven i vest og Hellfjellet og Blåfjellet i aust. Dalen har vegsamband til Mosjøen og Sandnessjøen via riksveg 78 og fylkesvegane fv. 241, fv. 241 , fv. 252 og Fylkesveg 254 i Nordland)fv. 254 til Elsfjord, Ømmervatnet og Fustvatnet. I tillegg er det planlagt å byggje Toventunnelen gjennom Tovenfjellet til Leirfjord som ein del av Veipakke Helgeland.

Namnet Drevjo kjem av drøv, som tyder ‘avleiring’.[1] Dativforma i Drevjen blir framleis noko bruka om bygda, men dativen er på veg ut i nyare dialekt.

Historie

Norges eldste ski er funnen i Drevjo. Karbondateringar har synt at skia er frå mellom år 3340 og 2940 fvt.

Drevja kyrkje

Drevja sokn

Drevja sokn er eit sokn i Vefsn prestegjeld. Drevja kyrkje vart bygd i 1883.

Drevja kommune

I tida 19271962 var Drevjo ein eigen kommune under namnet Drevja kommune. Utanom denne tidbolken har Drevjo høyrt til Vefsn kommune.

Drevjamoen ekserserplass.
Foto: H. Dahlmo

Drevjamoen ekserserplass ligg i Øvre Drevjo. Lenger ned i Drevja ligg Granmoen med Granmoen boligfelt og barnehage og skule for 1. til 10. klassetrinn.

Elva Drevjo er verna i samla plan for vassdrag. Elva er infisert av lakseparasitten Gyrodactilus salaris og laksetrappa ved Forsmoen er stengt.

Musikk

Drevjo er kjent for den særprega folkemusikktradisjonen, inkludert den karakteristiske drevjapolsen.

Referansar

  1. Drevja,1948, av Gunnar Holand.

Litteratur

Vefsn bygdebok særbind VIIa 2006, Gardshistorie for Vefsn (red.:Espen Andresen)

Lenkjer


Creative Commons License Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Drevja» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden.
Artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon.

Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Drevja» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.